Lærestaden sine oppgåver

Sist oppdatert: 22.08.2017
Her finn du informasjon om kva oppgåver dei vidaregåande skolane må utføre, slik at elevane får den støtta dei har rett til frå Lånekassen.

Rettlei elevane dine

Alle lærestader må informere elevane om Lånekassen sine ordningar. Sjå rundskriv frå Kunnskapsdepartementet.

Støtte etter andre del i forskrifta om utdanningsstøtte   

Støtte etter tredje del i forskrifta om utdanningsstøtte 

Rapporter til Lånekassen

Klargjer søknader på arbeidsflata

Før Lånekassen kan behandle somme av søknadene, må de gi eller stadfeste opplysningar i desse søknadene. Dette kallar vi å klargjere ein søknad.

Ved nokre lærestader blir alle søknadene sende til arbeidsflata for klargjering, mens ved andre lærestader blir berre ein del av søknadene sende til arbeidsflata.

Frammøte

Ved semesterstart haust og vår må de rapportere at eleven har møtt fram på lærestaden og begynt å følgje undervisninga. Les meir om korleis de rapporterer frammøte.

Fråvær, avbrott og endring i studiebelastning

Dere må melde frå fortløpande til Lånekassen om endringar som kan påverke støtta til eleven.

Nytt frå undervisningsåret 2018–2019  
Frå undervisningsåret 2018–2019 skal de ved lærestadene ikkje lenger melde inn endring i studiebelastning for elevane som har ungdomsrett, fordi dette ikkje lenger påverkar kor mykje støtte eleven har rett til.  
Elevar med ungdomsrett får full støtte til vidaregåande opplæring i Noreg, sjølv om dei tek utdanning på deltid. 

Nytt frå undervisningsåret 2018–2019
Frå undervisningsåret 2018–2019 skal de ved lærestadene ikkje lenger melde inn endring i studiebelastning for elevane som har ungdomsrett, fordi dette ikkje lenger påverkar kor mykje støtte eleven har rett til.

Elevar med ungdomsrett får full støtte til vidaregåande opplæring i Noreg, sjølv om dei tek utdanning på deltid. 

Gjeldande utdanningar

  • Éin gong i året må de sende oss melding om kva utdanningar de har fått godkjenning for i Lånekassen tidlegare, og som de skal fortsetje å tilby det kommande undervisningsåret.

  • Vi sender melding om dette på arbeidsflata for lærestader i januar.

  • For dei lærestadene som er tilknytte Vigo, får vi opplysningar om dei fleste utdanningane direkte frå Vigo. Dersom vi får alle opplysningane frå Vigo, treng de ikkje å rapportere utdanningsopplegg. Dersom vi ikkje får alle opplysningane frå Vigo, må de rapportere desse opplysningane. Dei aktuelle lærestadene får dette som ei oppgåve i arbeidsflata.

Les meir om årleg rapportering av utdanningar

Opprette ny utdanning

  • Dersom de skal opprette ei ny utdanning og er tilknytte Vigo, vil vi som regel få opplysningar om dette frå Vigo.

  • Somme typar utdanningar må de søkje om godkjenning for, for eksempel vaksenopplæring og fagopplæring i skole.

  • Opplysningar om fagopplæring i skole må de sende per e-post, ikkje gjennom ein søknad i arbeidsflata. Les meir om korleis de går fram for å søkje om støtterett til fagopplæring i skole.

  • Ver merksam på at opplæring som blir sett i gang av Nav, eller i samråd med Nav, ikkje gir rett til støtte frå Lånekassen, jf. § 4-6, bokstav c i forskrifta om utdanningsstøtte.

  • Søknad om støtterett finn de på arbeidsflata.