Rapportere fråvær

Sist oppdatert: 26.01.2018
Du må melde frå med ein gong dersom ein elev/student har ulegitimert fråvær på 21 dagar eller meir per semester.

Fråværet kan påverke retten til støtte for eleven/studenten. Du rapporterer fråvær på arbeidsflata for lærestadene.

Kva er ulegitimert fråvær?

Lærestaden må vurdere kva som er ulegitimert fråvær. Lånekassen tar ikkje stilling til dette.

Du har først svart «nei», og eleven møter fram til undervisninga igjen

Dersom du svarer «nei» på spørsmålet «Møter eleven til undervisninga no?», og eleven seinare møter til undervisninga, er det viktig at du sender ei ny fråværsmelding med det totale fråværet. Det er ikkje tilstrekkeleg å rapportere «møtt» i semesteret etterpå.

Dette må du gjere: 

Søk opp eleven/studenten.
Send ny fråværsmelding ved å klikke på lenkja «Oppmøte etter fråvær».
Oppgi eleven/studenten sitt totale fråvær for heile semesteret*.
Svar «ja» på spørsmålet «Møter eleven til undervisninga no?»
  • Søk opp eleven/studenten.
  • Send ny fråværsmelding ved å klikke på lenkja «Oppmøte etter fråvær».
  • Oppgi eleven/studenten sitt totale fråvær for heile semesteret*.
  • Svar «ja» på spørsmålet «Møter eleven til undervisninga no?».
* Dersom vårsemesteret har starta og du skal melde inn fråvær for vårsemesteret, men eleven/studenten har hatt fråvær på mindre enn 21 dagar om hausten, skal du likevel berre melde inn fråværet for våren.
 
Har eleven/studenten hatt fråvær på 21 dagar eller meir også om hausten, må du i tillegg melde frå om det. 

Eleven møter til undervisning igjen, men har deretter nytt fråvær

Dersom du har rapportert fråvær for ein elev/student éin gong, og ho møter til undervisning igjen, må du sende inn ei ny fråværsmelding når eleven/studenten passerer ytterlegare ti dagar med fråvær. Du skal då oppgi det totale fråværet for heile semesteret. 

Eleven leverer sjukemelding, og det ulegitimerte fråværet er no blitt legitimert

Dette må du gjere:

  • Søk opp eleven/studenten. 
  • Send ny fråværsmelding ved å klikke på lenkja «Fråvær».
  • Trekk frå dagane/timane med legitimert fråvær. 
  • Oppgi det nye totale talet på dagar/timar med ulegitimert fråvær. 
Eksempel:
I den første fråværsmeldinga oppgir du at eleven har eit fråvær på 24 dagar, noko som fører til at eleven har rett til mindre støtte. Eleven leverer sjukemelding etter at du har meldt inn fråværet, og sjukemeldinga fører til at 20 av fråværsdagane blir godkjende som legitimert fråvær.

Du skal då sende inn ei ny fråværsmelding og oppgi at eleven no har eit fråvær på fire dagar. Vi behandlar saka på nytt og justerer det tidlegare trekket i støtta.
Dette må du gjere:
Søk opp eleven/studenten. 
Send ny fråværsmelding ved å klikke på lenkja «Fråvær».
Trekk frå dagane/timane med legitimert fråvær. 
Oppgi det nye totale talet på dagar/timar med ulegitimert fråvær.