Gjer eleven klar for å søkje om støtte i Lånekassen

Sist oppdatert: 19.08.2019
Utanlandske elevar treng ofte hjelp frå skolen før dei kan søkje om støtte frå Lånekassen. Nedanfor finn du ei oversikt over kva som må vere på plass før eleven kan søkje om støtte.

Fødsels- eller D-nummer

Eleven må normalt ha eit fødselsnummer eller D-nummer for å søkje om støtte i Lånekassen. Les meir om D-nummer på UDI sine nettsider. 

Har ikkje eleven fødselsnummer eller D-nummer?

Unge asylsøkjarar kan ha rett til utstyrsstipend, og det er mogleg å søkje om det utan fødselsnummer eller D-nummer. Les meir her om å søkje utstyrsstipend til unge asylsøkjarar. 

MinID og BankID

MinID

Eleven treng MinID for å søkje. Les meir om MinID.

BankID

Eleven treng BankID dersom ho ønskjer å signere avtale om støtte elektronisk. Har ikkje eleven BankID, må ho skrive ut brevet, signere manuelt og sende brevet  per post tilbake til Lånekassen.

Har ikkje eleven fødselsnummer eller D-nummer?

Då kan ho heller ikkje få MinID eller BankID. Unge asylsøkjarar kan ha rett til utstyrsstipend, og det er mogleg å søkje om det utan fødsels- eller D-nummer. Les meir her om å søkje utstyrsstipend til ungeasylsøkjarar. 

Bankkonto

Eleven må ha bankkonto. Dersom eleven ikkje har bankkonto, må ho søkje om det. Det varierer mellom bankane kva dokumentasjon dei krev. Eksempel på kva dei krev:

  • kopi av gyldig reisebevis
  • vedtak frå UDI om opphaldsløyve 
  • dokumentasjon frå skatteetaten med fødselsnummer/D-nummer 

Unntak frå kravet om bankkonto

Unntak frå kravet om bankkonto gjeld i følgjande to tilfelle:

  • Søkjarar under 18 år kan få støtte betalt ut til foreldra/verja sin konto.
  • Vi har (gjeldande for inneverande undervisningsår) ei ordning for søkjarar (med ungdomsrett) over 18 år som ikkje får opprette konto i norsk bank. Les meir her om utstyrsstipend til unge asylsøkjarar. 

Dersom eleven er asylsøkjar

  • Som regel får Lånekassen opplysningar om asylstatus frå UDI. I enkelte tilfeller treng Lånekassen ein kopi av det første vedtaksbrevet eleven fekk frå Utlendingsdirektoratet (UDI), som viser at eleven har vern/asyl i Noreg.
  • Brevet må vise frå kva dato eleven fekk vern/asyl.

Dersom eleven har introduksjonsstønad

Dersom eleven får eller kjem til å få introduksjonsstønad i perioden ho søkjer om støtte, må ho sende inn kopi av vedtaket frå kommunen/Nav. I vedtaket må det stå kva periode, med frå- og til-dato, eleven får introduksjonsstønad.

Har eleven nyleg avslutta introduksjonsprogrammet, må ho sende inn stadfesting frå kommunen/Nav som viser dato for fullført introduksjonsprogram.

Dersom eleven ikkje har gyldig opphaldsløyve

Dersom eleven ikkje har gyldig opphaldsløyve i perioden eleven søkjer om støtte, må ho sende inn ei stadfesting frå politiet eller Utlendingsdirektoratet (UDI). Stadfestinga må vise at eleven har gyldig opphald i Noreg mens ho ventar på behandling av ein søknad om fornying av opphaldsløyvet, søknad om permanent opphald eller søknad om norsk statsborgarskap.

Dersom eleven ikkje har foreldre i Noreg

Elevar som ikkje har foreldre i Noreg, må dokumentere kven som er verja /representanten deira (oppnemning av verje el.). Det er fylkesmannen som skriv ut oppnemning av verje. 

Dersom eleven har barn under 16 år

Har eleven barn under 16 år, må eleven sende inn dokumentasjon som viser ektefelle/sambuar si brutto månadsinntekt, for eksempel kopi av siste lønnsslipp/utbetalingsslipp.