Flyktningstipend

Sist oppdatert: 11.04.2018
Du kan få flyktningstipend dersom du er utanlandsk statsborgar som har fått vern i Noreg og tek vidaregåande opplæring her.

Du kan også få flyktningstipend til grunnskoleopplæring som du har rett til etter opplæringslova § 4A-1. Retten til flyktningstipend fell bort dersom du mottek introduksjonsstønad.

Kor lenge kan du få flyktningstipend?

Dess tidlegare du begynner i utdanning etter at du kom til Noreg, dess lengre tid kan du få flyktningstipend. Tida blir rekna frå den datoen du fekk godkjent asyl.

  • Begynner du på utdanninga innan tre år etter at du kom til Noreg, kan du få stipend i inntil tre år
  • Begynner du på utdanninga innan fire år etter at du kom til Noreg,
    kan du få stipend i inntil to år
  • Begynner du på utdanninga innan fem år etter at du kom til Noreg, kan du få stipend i inntil eitt år

Fristen for når du må ha begynt i utdanninga blir utvida med to år dersom du

  • har barn eller får barn i løpet av den tida du normalt kunne fått flyktningstipend. Utdanninga må starte før barnet er fylt ti år
  • har rett til grunnskoleopplæring før du startar på vanleg vidaregåande opplæring

Kor mykje pengar er flyktningstipendet?

Flyktningstipendet for deg utan ungdomsrett blir behovsprøvd på same måte som for studentar i høgare utdanning. Det vil seie at heile eller delar av flyktningstipendet kan bli gjort om til lån dersom du har hatt inntekt, formue eller trygd over grensene.

Du kan sjølv rekne ut beløpet med støttekalkulatoren. Hugs at alt bortsett frå lån til skolepengar er stipend.

Dersom du avbryt utdanninga, kan pengane du har fått bli krevd tilbake.

Denne dokumentasjonen treng vi frå deg

Får du, eller kjem du til å få, introduksjonsstønad i perioden du søker om støtte, må du sende inn

  • kopi av vedtaket frå kommunen/Nav som viser perioden du får introduksjonsstønad.

Har du nyleg avslutta introduksjonsprogrammet, må du sende inn

  • stadfesting frå kommunen/Nav som viser dato for fullført introduksjonsprogram.

Har du barn under 16 år, må du sende inn

  • dokumentasjon som viser brutto månadsinntekt for ektefelle/sambuar, for eksempel kopi av siste lønnsslipp/utbetalingsslipp.

Dersom du ikkje har gyldig opphaldsløyve i perioden du søker om støtte, må du sende inn

  • stadfesting frå politiet eller Utlendingsdirektoratet (UDI) som viser at du har gyldig opphald i Noreg mens du ventar på behandling av ein søknad om fornying av opphaldsløyvet, søknad om permanent opphald eller søknad om norsk statsborgarskap.

Ikkje eigen søknad om flyktningstipend

Det er ikkje ein eigen søknad om flyktningstipend. For å søke, brukar du den vanlege nettsøknaden.

Kva skjer dersom du avbryt utdanninga?

Dersom du avbryt utdanninga di, kan vi krevje tilbake støtta du har fått. Flyktningstipend blir ikkje gjort om til lån, men kan bli trekt frå dersom du søker om støtte seinare.

Avbryt du ei utdanning som du ikkje har fått flyktningstipend til, kan stipend bli gjort om til lån og vi kan krevje heile eller delar av støttebeløpet tilbake. Les meir om avbrot her.

Bur du i asylmottak og tar vanleg vidaregåande utdanning, kan du få utstyrsstipend.

Les mer om utstyrsstipend her.