Fagopplæring i skole

Sist oppdatert: 26.03.2018
Fagopplæring i skole (Vg3) er eit tilbod til elevar som ikkje har fått lærlingplass.

Desse elevane får opplæring i faget ved skolen, i staden for i ei bedrift. Dei har ikkje status som lærling, og har rett til støtte som vanlege elevar.

Støtte til elevar i fagopplæring i skole

  • Desse utdanningsopplegga avvik ofte frå det vanleg skoleåret når det gjeld kor lenge dei varer. Elevane har rett til støtte i så mange månader som dei deltek i undervisninga.
  • Elevane har til vanleg rett til fulltidsstøtte med utstyrsstipend. Storleiken på utstyrsstipendet er avhengig av programområdet.

Skolen må sende opplysningar til Lånekassen for godkjenning av utdanningsopplegg

For å få utdanningsopplegg godkjent for støtte frå Lånekassen, må skolen sende inn opplysningar om utdanninga. Vi treng opplysningar om 

  • kor lenge opplegget varer (start- og sluttdato)
  • sommarferieperiode (start- og sluttdato)
  • programområde

Send e-post til .

De får melding når vi har godkjent utdanningsopplegget.  

De må søkje om støtterett dersom de skal starte opp nye fagopplæringskurs, sjølv om det er same programområde. 

Dersom eleven får læreplass

Dersom eleven får læreplass i løpet av perioden, må du melde frå om avbrot for eleven. Eleven må då søkje om støtte på nytt som lærling.

Lånekassen gir ikkje støtte til læreplasskurs

  • Læreplasskurs blir tilbodne som eit tillegg til ordinær opplæring, og deltakarane har ikkje elevstatus når dei deltek på kursa. Elevstatus er eit vilkår for støtte frå Lånekassen. Sjå forskrift om tildeling av utdanningsstøtte § 3-1.
  • Opplæring ved offentleg vidaregåande skole må følgje ein offentleg godkjent læreplan. Læreplasskurs inneheld ikkje undervisning som følgjer offentleg godkjente læreplanar (Kunnskapsløftet). Les meir om kva slags utdanning vi gir støtte til i forskrift om tildeling av utdanningsstøtte § 4-1.
  • Læreplasskursa har ulik lengd på inntil 13 veker. Dette er for kort tid til at Lånekassen kan gi støtterett. Les meir om krav til lengda til utdanningane i forskrift om tildeling av utdanningsstøtte  § 7-4.