Rapportere og kontrollere utdanningar

Sist oppdatert: 19.06.2017
I april kvart år ber vi lærestadene om å kontrollere at Lånekassens opplysningar om utdanningar som de skal tilby i kommande undervisningsår, er korrekte.

Nokre lærestader må manuelt rapportere kva for utdanningar de planlegg å tilby. For dei aktuelle lærestadene er dette ei oppgåve som vi legg ut på arbeidsflata i januar kvart år.  

Nokre lærestader må manuelt rapportere kva for utdanningar de planlegg å tilby. For dei aktuelle lærestadene er dette ei oppgåve som vi legg ut på arbeidsflata i januar kvart år.  
Frå alle dei offentlege vidaregåande skolane får vi opplysningar frå Vigo om kva for utdanningar de skal tilby kommande undervisingsår. Desse skolane treng altså ikkje rapportere manuelt til Lånekassen. 
Sjekk i april
Det er viktig at alle lærestader kontrollerer at opplysningane våre stemmer, uavhengig av om de har rapportert opplysningane sjølv, eller om vi har fått opplysningar frå Vigo. De vil motta ein e-post i april, der vi ber dykk kontrollere utdanningane. Opplysningar om utdanningane dykkar finn de i utdanningsoversikta på arbeidsflata. De melder frå om eventuelle feil eller manglar via arbeidsflata, eller ved å sende ein e-post til
Det er viktig å kontrollere utdanningar
Når elevar skal søkje om støtte er det viktig at alle utdanningane er registrerte hos Lånekassen. Dersom ikkje, vil ikkje eleven finne den riktige utdanninga i søknaden.
Detaljinformasjon om utdanninga er ein viktig faktorar som dannar grunnlag for kor mykje støtte eleven kan få. Dersom opplysningane ikkje er korrekte, kan det føre til at eleven får utbetalt for mykje eller for lite støtte.  
Nye utdanningar?
Dersom ein offentleg vidaregåande skole ønskjer å tilby ein ny utdanning, må de sørge for at fylkeskommunen legg inn dette tilbodet i Vigo. 
Dersom de ikkje er knytte til Vigo, må de sende inn ein eigen søknad om støtterett. Søknadsskjemaet finn de på arbeidsflata for lærestadeneNokre lærestader må manuelt rapportere kva for utdanningar de planlegg å tilby. For dei aktuelle lærestadene er dette ei oppgåve som vi legg ut på arbeidsflata i januar kvart år.  

Frå alle dei offentlege vidaregåande skolane får vi opplysningar frå Vigo om kva for utdanningar de skal tilby kommande undervisingsår. Desse skolane treng altså ikkje rapportere manuelt til Lånekassen. 

Sjekk i april

Det er viktig at alle lærestader kontrollerer at opplysningane våre stemmer, uavhengig av om de har rapportert opplysningane sjølv, eller om vi har fått opplysningar frå Vigo. De får ein e-post i april, der vi ber dykk kontrollere utdanningane. Opplysningar om utdanningane dykkar finn de i utdanningsoversikta på arbeidsflata.

De melder frå om eventuelle feil eller manglar via arbeidsflata, eller ved å sende ein e-post til

Det er viktig å kontrollere utdanningar

Når elevar skal søkje om støtte, er det viktig at alle utdanningane er registrerte hos Lånekassen. Dersom ikkje, vil ikkje eleven finne den riktige utdanninga i søknaden.

Detaljinformasjon om utdanninga er ein viktig faktor som dannar grunnlag for kor mykje støtte eleven kan få. Dersom opplysningane ikkje er korrekte, kan det føre til at eleven får utbetalt for mykje eller for lite støtte.  

Nye utdanningar?

Dersom ein offentleg vidaregåande skole ønskjer å tilby ei ny utdanning, må de sørgje for at fylkeskommunen legg inn dette tilbodet i Vigo. Dersom utdanninga ikkje skal vere eit offisielt tilbod gjennom Vigo, som for eksempel fagopplæring i skole Vg3, vaksenopplæring og liknande, må de fylle ut ein søknad om støtterett på arbeidsflata for lærestader. 

Dersom de ikkje er knytte til Vigo, må de sende inn ein eigen søknad om støtterett. Søknadsskjemaet finn de på arbeidsflata for lærestadene.