Søkje om støtterett for ny utdanning

Sist oppdatert: 24.10.2017
Dersom de ønskjer å tilby nye utdanningar som de sjølve ikkje har fullmakt (akkreditering) til å opprette, må de søkje om støtterett for desse.

Bruk skjemaet «søknad om støtterett», som de finn på arbeidsflata for lærestadene. Legg ved kopi av vedtaket frå NOKUT.

Godkjenning av ny utdanning
Dersom de ønskjer å tilby nye utdanningar som de sjølve ikkje har fullmakt (akkreditering) til å opprette, må de søkje om støtterett for desse. Bruk skjemaet «søknad om støtterett», som de finn på arbeidsflata for lærestadene. Legg ved kopi av vedtaket frå NOKUT.
Universitet
Universiteta har fullmakt til å opprette utdanningar på alle nivå. Registrer nye utdanningar i FS.
Vitskaplege høgskolar
Vitskaplege høgskolar har dei same fullmaktene som universiteta på fagområde der de har rett til å tildele doktorgradar. 
For fagområde der de ikkje har rett til å tildele doktorgradar, må de søkje NOKUT om godkjenning for tilbod på mastergrads- eller doktorgradsnivå.
Høgskolar
Høgskolar har fullmakt til å opprette utdanningar på bachelornivå. De må søkje NOKUT om godkjenning for tilbod på mastergrads- eller doktorgradsnivå.