Førehandsgodkjenning av delstudium i utlandet

Sist oppdatert: 14.08.2018
Lærestader som bruker det studieadministrative systemet FS, skal rapportere førehandsgodkjenning av delstudium i utlandet til Lånekassen.

Studentar kan få støtte til delstudiar i utlandet (utveksling) på deltid fra og med undervisningsåret 2018-2019. Utdanninga må vere ein del av ei høgare utdanning eller fagskoleutdanning dei har starta i Noreg. Støtta blir berekna ut frå studiebelastninga til studenten i delstudieperioden. 

Slik hentar vi inn opplysningar frå FS

Delstudium i utlandet
Lærestader som bruker det studieadministrative systemet FS, skal rapportere førehandsgodkjenning av delstudium i utlandet til Lånekassen. 
Slik hentar vi inn opplysningar frå FS
Når studentane søkjer om støtte til delstudium ved ein lærestad i utlandet, gjer vi eit oppslag i databasen hos FS. Her hentar vi i hovudsak den same informasjonen som vi tidlegare fekk via D-skjemaet. De må derfor gjere den same vurderinga som tidlegare når de legg inn  førehandsgodkjenninga i FS.
Praksisopphald eller feltarbeid
Når studenten skal ha praksisopphald eller feltarbeid, må de leggje inn dette under «opphaldstype». Dersom studenten tek studiepoeng som ein del av praksisopphaldet eller feltarbeidet, legg de inn rett tal på studiepoeng i feltet «omfang Lånekassen». Dersom studenten ikkje tek studiepoeng, legg de inn 0.
Dersom studenten ikkje er tilknytt ein utanlandsk lærestad, må de leggje inn landkode under «ekstern stad».
Kombinasjon av praksis/feltarbeid og studium
Ved kombinasjon av praksis/feltarbeid og studium, legg inn dette:
· I feltet «omfang Lånekassen» legg du inn tal på studiepoeng for studiet.
· I feltet «opphaldstype» legg du inn praksis/feltarbeid.
Skolepengar til lærestaden i utlandet
Dersom studentane betaler skolepengar til lærestaden i utlandet, må den utanlandske lærestaden dokumentere dette. Studentane kan laste opp dokumentasjonen når dei sender søknad om støtte, eller frå Dine sider. Dei kan også sende det per post.
Hjelp oss med å gi rett informasjon til studentane
Vi håper de kan hjelpe oss med å informere studentane om at vi hentar denne informasjonen elektronisk, og at dei må ha ei førehandsgodkjenning før dei søkjer om støtte frå Lånekassen.

Når studentane søkjer om støtte til delstudium ved ein lærestad i utlandet, gjer vi eit oppslag i databasen hos FS. Her hentar vi i hovudsak den same informasjonen som vi tidlegare fekk via D-skjemaet. Du må derfor gjere den same vurderinga som tidlegare når du legg inn førehandsgodkjenninga i FS.

Praksisopphald eller feltarbeid

  • Når studenten skal ha praksisopphald eller feltarbeid, må du leggje inn dette under «opphaldstype». 
  • Dersom studenten tek studiepoeng som ein del av praksisopphaldet eller feltarbeidet, legg du inn rett tal på studiepoeng i feltet «omfang Lånekassen». 
  • Dersom studenten ikkje tek studiepoeng, legg du inn 0.
  • Dersom studenten ikkje er tilknytt ein utanlandsk lærestad, må du leggje inn landkode under «ekstern stad».

Kombinasjon av praksis/feltarbeid og studium

Ved kombinasjon av praksis/feltarbeid og studium, legg inn dette:

  • I feltet «omfang Lånekassen» legg du inn tal på studiepoeng for studiet.
  • I feltet «opphaldstype» legg du inn praksis/feltarbeid.

Skolepengar til lærestaden i utlandet

Dersom studentane betaler skolepengar til lærestaden i utlandet, må den utanlandske lærestaden dokumentere dette. Studentane kan laste opp dokumentasjonen når dei sender søknad om støtte, eller frå Dine sider. Dei kan også sende det per post.

Hjelp oss med å gi rett informasjon til studentane

Vi håper lærestadene kan hjelpe oss med å informere studentane om at vi hentar denne informasjonen elektronisk, og at dei må ha ei førehandsgodkjenning før dei søkjer om støtte frå Lånekassen.