Stadfeste opplysningar om kvotestudentar

Sist oppdatert: 24.10.2017
Universiteta og høgskolane i Noreg har fram til og med undervisningsåret 2015–2016 teke opp studentar frå utviklingsland, landa på Vest-Balkan, land i Aust-Europa og Sentral-Asia til spesielle utdanningsprogram (kvoteordninga).

Målsetjinga med ordninga er å bidra til kompetansebygging i heimlanda til kvotestudenta. Les meir om kvoteordninga.

Det er vedteke at kvoteordninga gradvis skal bli avvikla frå undervisningsåret 2016–2017. Universiteta og høgskolane kan derfor ikkje ta opp nye studentar gjennom kvoteordninga heretter. Men studentar som allereie er i gong med ei utdanning gjennom kvoteordninga, vil få høve til å fullføre denne på vanleg måte med støtte frå Lånekassen (sjå rundskriv-03-15).

Særskild oppfølging

Lærestadene som er med i ordninga, har forplikta seg til ei særskild oppfølging av kvotestudentane (sjå rundskriv F-04-14 frå Kunnskapsdepartementet). Lærestadene har dermed eit særskild informasjonsansvar overfor kvotestudentane når det gjeld ordningane til Lånekassen.

Oppgåver på arbeidsflata for lærestadene

Lærestadene må stadfeste at studenten har opptak i kvoteordninga før søknaden om utdanningsstøtte kan bli behandla av Lånekassen. 
I tillegg må lærestadene stadfeste at kvotestudenten har møtt fram til undervisninga,  før støtta kan bli utbetalt. Frammøte må bli stadfesta også for kvotestudentar som er på feltarbeid eller delstudium. Frammøte må rapporterast for kvart semester kvotestudenten søkjer om støtte. Les meir om kvotestudentar på arbeidsflata for lærestadene.

Les meir

Informasjonsskriv

Skjema