Slik sender elevar og studentar inn dokumentasjon

Sist oppdatert: 14.11.2017
I dei fleste tilfelle kan eleven/studenten laste opp dokumentasjonen på Dine sider.

Har eleven/studenten fått melding om å sende inn dokumentasjon, kan ho gjere det på Dine sider.

På framsida av Dine sider vil det liggje ei melding og ei lenke:

skjermbilde dokumentasjon forside

Når ho har lasta opp dokumentasjonen, vil statusen på dokumentasjonskravet endre seg frå oransje til grøn:

skejrmbilde av søknadssiden

Kva slags dokumentasjon skal eleven/studenten sende inn?

I søknaden får eleven/studenten melding om kva slags dokumentasjon ho skal sende inn. Ho vil også finne igjen dokumentasjonskravet under menypunktet "Send inn dokumentasjon til søknaden" på Dine sider. Typiske saker der vi ber om dokumentasjon er

Dokumentasjon som må sendast i posten

På grunn av personvernet må eleven/studenten sende dokument som inneheld sensitive personopplysningar, i posten. Ho vil få melding i søknaden om dokumentasjonen skal sendast i posten, eller ikkje.

Dokumentasjonen skal sendast til: Lånekassen, postboks 4551, 8608 Mo i Rana.

Har eleven/studenten fått ei påminning om å laste opp dokumentasjon, sjølv om papira allereie er sende i posten?

Dersom eleven/studenten allereie har sendt inn dokumentasjonen, kan ho sjå bort frå påminninga. Har eleven/studenten sendt dokumentasjon i posten, eller skal gjere det, er det fint om ho svarer dette i meldinga om dokumentasjon på Dine sider. Då vil meldinga bli fjerna frå framsida, og ho unngår å få ei påminning frå oss.