Omvalselevar

Sist oppdatert: 07.03.2017
Elevar i vidaregåande opplæring som gjer omval som utvidar retten til vidaregåande opplæring, har rett til fulltidsstøtte, sjølv om dei har fritak for fag dei har bestått tidlegare.
  • Omval vil seie at eleven vel eit anna utdanningsprogram eller programområde enn det han/ho har begynt på. 
  • Omval som utvidar retten til vidaregåande opplæring, kan berre gjerast éin gong, og for å ha rett til omval må eleven ha ungdomsrett. 

Les meir om omval på vilbli.no

Dersom eleven har kryssa av for deltid

I nettsøknaden får eleven spørsmål om han/ho tek utdanninga på fulltid eller deltid. Dersom ein omvalselev har kryssa av for deltid, oppgir de full studiebelastning i arbeidsflata. Fulltid for elevar på studiespesialisering er 840 årstimar, medan det for yrkesfag er 980 årstimar.

Ikkje meld inn redusert studiebelastning

De skal ikkje melde inn redusert studiebelastning for omvalselevar, sjølv om dei får fritak i fag som dei har bestått tidlegare.

Byte av utdanningsprogram for andre gong

Elevar som skifter utdanningsprogram for andre gong, kjem ikkje inn under ordninga med omval i opplæringslova § 3-1, sjølv om dei har ungdomsrett. Desse elevane har ikkje rett til fulltidsstøtte dersom dei får fritak for fag dei har bestått tidlegare. Elevar som skifter utdanningsprogram for andre gong, skal ha støtte ut frå reell studiebelastning.

Elevar med fullføringsrett

Elevar med fullføringsrett kjem heller ikkje inn under ordninga med omval i § 3-1. Dei har ikkje rett til full støtte ved redusert studiebelastning på grunn av omval, men skal ha støtte ut frå reell studiebelastning.