Nye utstyrsstipendssatsar for elevar i vidaregåande opplæring

Sist oppdatert: 24.04.2020
Frå og med studieåret 2020-2021 blir det innført fire nye satsar for utstyrsstipend for elevar i vidaregåande opplæring. I tillegg skal satsane for utstyrsstipend bli tildelet etter programområde, i staden for utdanningsområde.

Kor mykje utstyrsstipend eleven får, avheng av kva programområde ho tek. Dei nye utstyrsstipendssatsane er på høvesvis 1 071 kr, 1 611 kr, 2 597 kr og 4 412 kr. Forskrift om utdanningsstøtte, § 50 regulerer kva for utstyrsstipendssats elevar ved ulike utdanningsprogram og programområde har krav på.

Ny tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring

Samtidig som utstyrsstipendsssatsane blir endra, endrar også tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring seg. Endringa skjer ved dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Enkelte utdanningsprogram blir bytta ut, nokre kjem til, nokre bytter namn, og enkelte programområde skiftar utdanningsprogram. Tilbodsstrukturen blir dermed utvida frå 13 til 15 utdanningsprogram.

På vilbli.no. finn du oversikta over utdanningsprogram for studieåret 2020-2021.

Gradvis innfasing

Den nye strukturen blir fasa gradvis inn. Frå og med studieåret 2020-2021 følger Vg1 ny tilbodsstruktur. Vg2 og Vg3 følger gammal tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring. Elevar som starta Vg1 i 2019/2020 skal fullføre opplæringa si i den gamle tilbodsstrukturen. Alle elevar, uavhengig av om dei tilhøyrer ny, eller gammal tilbodsstruktur, har rett til utstyrsstipend etter nye satsar.

Søke om utstyrsstipend

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend. Eleven må fylle ut søknadsskjema på Dine sider etter at ho har fått tilbod om skoleplass, og takka ja i Vigo. 

Desse får ikkje utstyrsstipend

Dersom eleven tek ei utdanning som ikkje er godkjent for lån og stipend i Lånekassen, får ho ikkje utstyrsstipend. Eleven må også oppfylle dei andre krava for rett til lån og stipend.

Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar får ikkje utstyrsstipend.