Har eleven rett til støtte til fulltidsutdanning?

Sist oppdatert: 19.02.2016
Lånekassen gir støtte ut frå kor stor studiebelastning eleven har. I enkelte tilfelle gjer vi unntak frå dette og gir fulltidsstøtte sjølv om eleven tek utdanning på deltid.

Omvalselevar

Elevar i vidaregåande opplæring som gjer omval som utvidar retten til vidaregåande opplæring, har rett til full støtte, sjølv om dei har fritak for fag dei har bestått tidlegare. Du skal derfor ikkje melde inn redusert studiebelastning for desse.

Omval tyder at eleven vel eit anna utdanningsprogram eller programområde enn det han/ho har begynt på. For å ha rett til omval må eleven ha ungdomsrett. Dersom eleven tek same utdanningsprogram eller programområde om igjen, blir det ikkje rekna som omval.

Les leir om behandling av omvalgselevar her.

Minoritetsspråklege elevar som ikkje følgjer undervisning i obligatorisk framandspråk

Enkelte minoritetsspråklege elevar får ikkje undervisning i morsmålet sitt på grunn av manglande tilbod ved skolen og må ta eksamen som privatist.

Lånekassen vurderer desse elevane som fulltidselevar, og du skal derfor ikkje melde inn redusert studiebelastning for desse.

Utvida rett til vidaregåande opplæring

Elevar med individuell opplæringsplan (IOP)

Elevar som har rett til spesialundervisning og individuell opplæringsplan (IOP) etter opplæringsloven, har rett til fulltidsstøtte, sjølv om dei tek utdanninga på deltid. Du skal derfor ikkje melde inn redusert studiebelastning for desse elevane.

Elevar utan individuell opplæringsplan (IOP)

Elevar som har utvida rett til vidaregåande opplæring for eksempel på grunn av sjukdom, men som ikkje har rett til spesialundervisning og individuell opplæringsplan (IOP) etter opplæringsloven, har berre rett til støtte til dei faga som dei faktisk tek. Dersom desse elevane har søkt om støtte til fulltid, men tek fag som berre gir rett til deltidsstøtte, må du melde inn endra studiebelastning.

Utvida rett på grunn av særskild språkopplæring

Elevar som har utvida rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 på grunn av rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12, får fulltidsstøtte. 

Elevar som har fritak frå kroppsøving

Elevar med ungdomsrett, som har vedtak om fritak frå opplæring i kroppsøving på særskild grunnlag, har rett til full støtte frå Lånekassen dersom alle andre vilkår er oppfylte. Du skal derfor ikkje melde inn redusert studiebelastning for desse.

Elevar som har fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving, må delta i opplæringa for å ha rett til full støtte. 

Elevar som har fritak frå vurdering i sidemål

Elevar som har vedtak om fritak frå vurdering i sidemål, må delta i opplæringa for å ha rett til full støtte.

Elevar som har fritak frå fag dei tok då dei gjekk på ungdomsskolen (forsert løp)

Nokre elevar i vidaregåande opplæring har fritak for fag fordi dei tok fag frå vidaregåande opplæring då dei gjekk på ungdomsskolen. Desse elevane har rett til full støtte, og du skal derfor ikkje melde inn redusert studiebelastning for desse.