Flyktningstipend kan bli gjort om til lån

Sist oppdatert: 13.08.2019
I juli 2019 har vi begynt å gjere om lån til stipend for 2018, og då kan også flyktningstipend for somme elevar bli gjort om til lån.

Flyktningstipendet for elevar utan ungdomsrett kan bli gjord om til lån, dersom eleven har inntekt, formue eller trygd over grensene. Dette blir kalla behovsprøving.

Flyktningstipendet for desse elevane blir behovsprøvd på same måte som for studentar i høgare utdanning. Det vil seie at heile eller delar av flyktningstipendet kan bli gjort om til lån dersom eleven har hatt inntekt, formue eller trygd over grensene. 
Flyktningstipendet blir ikkje behovsprøvd for elevar med ungdomsrett.
Omgjering for 2018 skjer mellom juni og oktober 2019 
· Omgjering for utdanning som er fullført i 2018, skjer i perioden juli - oktober 2019.
· Omgjering for utdanning som er fullført i 2019, skjer i 2020. 
Vi sender vedtak til elevane på Dine sider
· Lånekassen sender eit vedtak til elevar med informasjon om at vi har innhenta opplysningar om inntekt, formue eller trygd. Vi innhentar desse opplysningane frå skatteetaten. 
· Dersom vi gjer om flyktningstipend til lån, får elevane eit eige vedtak om det. 

Flyktningstipendet for elevar utan ungdomsrett kan bli gjord om til lån, dersom eleven har inntekt, formue eller trygd over grensene. Dette blir kalla behovsprøving.

Flyktningstipendet for desse elevane blir behovsprøvd på same måte som for studentar i høgare utdanning. Det vil seie at heile eller delar av flyktningstipendet kan bli gjort om til lån dersom eleven har hatt inntekt, formue eller trygd over grensene. 

Flyktningstipendet blir ikkje behovsprøvd for elevar med ungdomsrett.

Omgjering for 2018 skjer mellom juni og oktober 2019 

  • Omgjering for utdanning som er fullført i 2018, skjer i perioden juli - oktober 2019.
  • Omgjering for utdanning som er fullført i 2019, skjer i 2020. 

Vi sender vedtak til elevane på Dine sider

  • Lånekassen sender eit vedtak til elevar med informasjon om at vi har innhenta opplysningar om inntekt, formue eller trygd.
  • Vi innhentar desse opplysningane frå skatteetaten. 
  • Dersom vi gjer om flyktningstipend til lån, får elevane eit eige vedtak om det.  

Les meir om flyktningstipend. 

Les meir om omgjering for 2018.