Endringar i Lånekassens reglar for studieåret 2020-2021

Sist oppdatert: 28.04.2020
Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrifta om utdanningsstøtte for studieåret 2020-2021. Her kan du lese om dei viktigaste regelendringane.

Du kan ikkje søke om lån og stipend for neste studieår enno. Søknaden for neste studieåret 2020-2021 opnar i starten av mai.

Under kan du lese om dei viktigaste endringane.

Her finn du lese heile forskrifta om utdanningsstøtte for 2020–2021.

Desse reglane blir endra eller er nye frå og med 2020–2021

Nokre stipend og lån endrar namn

Frå og med studieåret 2020–2021 er det nokre navn og omgrep som blir endra i forskrifta. I tabellen finner du dei viktigaste endringane.

Gjeldene omgrep 2019–2020 Nye omgrep
2020–2021
Grunnstipend Inntektsavhengig stipend
Bustipend Bortebuarstipend
Forsørgjarstipend Barnestipend
Basisstøtte Basislån
Ekstrastipend
(stipend til søkjarar med nedsett funksjonsevne)
Tilleggsstipend ved nedsett
funksjonsevne
Delstudium Utveksling
Lån til sommarkurs, forkurs, y-veg og TRES 
etter gjeldande § 30-2 bokstav a-d     
Tilleggslån til forkurs og
sommarkurs i Noreg
Rekrutteringsstipend Stipend til spesielt tilrettelagd ingeniør- og økonomiutdanning i Frankrike og Tyskland
Språkleg tilretteleggjing Språkkurs

Alle deltidsstudentar kan få lån og stipend

I dag må du ta fag/studiepoeng som utgjer minst 50 prosent av fulltidsutdanning for å få lån og stipend. Dette kravet blir fjerna. Det betyr at du kan få lån og stipend uansett kor mange fag/studiepoeng du planlegg å ta.

Lån og stipend ut frå kor mange fag du skal ta

Deltidsstudentar har fram til undervisningsåret 2019–2020 fått enten 50, 67 eller 75 prosent av det beløpet ein fulltidsstudent får.

Nytt frå studieåret 2020–2021 er at du får lån og stipend ut frå nøyaktig kor mange fag/studiepoeng du planlegg å ta.

Tilleggslån til enkelte grupper

  • Dei som er 30 år eller eldre og studerer ved universitet, høgskole eller fagskole, kan få eit tilleggslån på inntil 100 000 kroner per studieår og 200 000 kroner totalt.
  • Dei som er 30 år eller eldre og tar vidaregåande opplæring, kan få eit tilleggslån på inntil 50 000 kroner per studieår og 100 000 kroner totalt.
  • Dei som er 18 år eller eldre og har barn under 16 år, kan få eit tilleggslån på inntil 50 000 kroner per studieår og 100 000 kroner totalt.

Du kan ikkje få desse tilleggslåna samtidig.

Tilleggslåna kan bli gjort om til sjukestipend, men ikkje andre stipend. 

Desse nye tilleggslåna gjeld frå studieåret 2020-2021, og er ikkje det same som tilleggslånet i samband med koronasituasjonen.

Hever aldersgrenser

Aldersgrensa for når lånet må betalast tilbake, blir heva frå 65 til 70 år.

Aldersgrensa for når lånet blir redusert slik at gjelda kan betalast tilbake før du fyller 70 år, blir heva frå 45 år til 50 år.

Foreldrestipend til fleire

Frå hausten 2020 kan du ha rett til foreldrestipend dersom du får barn innan sju månader etter at du har fullført ein grad i høgare utdanning eller fagskoleutdanning, og du ikkje lenger er i utdanning.

Får du barn mindre enn 46 veker før du fullfører ein grad, vil du ha rett til foreldrestipend i inntil 49 veker sjølv om du sluttar i utdanninga etter at graden er fullført.  

Endringar i utstyrsstipendordninga

Talet satsar for utstyrsstipend til elevar som tar vidaregåande opplæring blir  auka frå tre til fire. Ordninga med utstyrsstipend blir dessutan endra slik at den får ein fordeling av utdanningsprogram og programområde som er i tråd med ny tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring.

Særreglar ved fråvære og permisjon blir avvikla

Etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte for undervisningsåret 2019–2020 kan du miste retten til utdanningsstøtte dersom du har ulegitimert fråvær på meir enn 20 skoledagar per semester. Denne regelen blir fjerna frå hausten 2020. Det betyr at dei som har fråvære på meir enn 20 skoledagar per semester, vil behalde retten til utdanningsstøtte, og at lærestadane ikkje lenger treng å rapportere fråvære.

Etter same forskrift mister du som har fullstendig studiepermisjon i meir enn seks veker, retten til utdanningsstøtte i permisjonstida. Heller ikkje denne regelen blir vidareført hausten 2020.   


Særskilte opptakskrav for utdanning i utlandet blir fjerna

Søkarar over 25 år som har fått opptak til medisin-, odontologi- eller veterinærutdanning i utlandet, kan frå hausten 2020 få støtte frå Lånekassen utan å dokumentere at særskilte fagkrav er oppnådd i tillegg.