Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    For lærestader med elevar som har ungdomsrett

    Elevar med ungdomsrett skal ha full støtte, uavhengig av studiebelastning

    Elevar som har ungdomsrett har rett til full støtte til vidaregåande opplæring, sjølv om dei tek utdanning på deltid. Dette gjeld også for søkjarar som har mindre enn 50 prosent studiebelastning, altså elevar som tidlegare ikkje hadde rett til støtte. 

    Det er framleis eit krav om fulltidsutdanning for elevar med ungdomsrett som skal ta vidaregåande opplæring i utlandet.

    Ny berekning av reisestipend

    Når vi vurderer om elevar har rett til reisestipend, skal vi frå og med 2018-2019 bruke avstanden mellom foreldra sin folkeregistrerte adresse og adressa til lærestaden. Dette er same metode som vi bruker når vi bereknar bustipend . Reisestipend blir rekna ut etter faste kilometersatsar. 

    Les meir om satsar for reisestipend og korleis vi bereknar det. 

    Mindre del stipend i reisetilskottet for elevar som tek vidaregåande utdanning i utlandet

    Frå og med 2018-2019 får elevar som tek vidaregåande utdanning i utlandet 65 prosent av reisestøtta som lån, og 35 prosent som stipend. Her finn de meir informasjon om støtte til elevar i vidaregåande opplæring i land utanfor Norden.