Meir om endringar i Lånekassens reglar for 2018-2019

Sist oppdatert: 20.04.2018
Kunnskapsdepartementet har fastsett Lånekassens forskrift om tildeling av støtte for neste undervisningsår.

Her finn du ei oversikt over dei viktigaste regelendringane. Nedenfor kan du lese meir om endringar for ulike utdanningar. 

 

Her finn du ei oversikt over dei viktigaste regelendringane. Nedenfor kan du lese mer om endringer for ulike typer utdanninger. 

For lærestader som tilbyr grunnskoleutdanning

Frå og med undervisningsåret 2018-2019 kan Lånekassen gi støtte til elevar som tek grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 andre ledd. Dette er elevar som har fullført grunnskolen, og har ungdomsrett, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring. Desse elevane får støtte etter andre del i Lånekassens forskrifter. Lærestader som tilbyr / skal tilby grunnskoleopplæring for denne gruppa, må sende e-post til Lånekassen  om dette. 

Frå og med undervisningsåret 2018-2019 kan Lånekassen gi støtte til elevar som tek grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 andre ledd. Dette er elevar som har fullført grunnskolen, og har ungdomsrett, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring. Desse elevane får støtte etter andre del i Lånekassens forskrifter.

Lærestader som tilbyr / skal tilby grunnskoleopplæring for denne gruppa, må sende om dette. 

For lærestader med elevar som har ungdomsrett

Elevar med ungdomsrett skal ha full støtte, uavhengig av studiebelastning

Elevar som har ungdomsrett har rett til full støtte til vidaregåande opplæring, sjølv om dei tek utdanning på deltid. Dette gjeld også for søkjarar som har mindre enn 50 prosent studiebelastning, altså elevar som tidlegare ikkje hadde rett til støtte. 

Det er framleis eit krav om fulltidsutdanning for elevar med ungdomsrett som skal ta vidaregåande opplæring i utlandet.

Ny berekning av reisestipend

Når vi vurderer om elevar har rett til reisestipend, skal vi frå og med 2018-2019 bruke avstanden mellom foreldra sin folkeregistrerte adresse og adressa til lærestaden. Dette er same metode som vi bruker når vi bereknar bustipend . Reisestipend blir rekna ut etter faste kilometersatsar. 

Les meir om satsar for reisestipend og korleis vi bereknar det. 

Mindre del stipend i reisetilskottet for elevar som tek vidaregåande utdanning i utlandet

Frå og med 2018-2019 får elevar som tek vidaregåande utdanning i utlandet 65 prosent av reisestøtta som lån, og 35 prosent som stipend. Her finn de meir informasjon om støtte til elevar i vidaregåande opplæring i land utanfor Norden.  

For fagskolar, universitet og høgskole

No kan studentar få støtte til delstudiar i utlandet på deltid:
Studentar kan få støtte til delstudiar i utlandet (utveksling) på deltid. Utdanninga må vere ein del av ei høgare utdanning eller fagskoleutdanning dei har starta i Noreg. Støtta blir berekna ut frå studiebelastninga til studenten i delstudieperioden. 
Opptrappinga til 11 månader med studiestøtte fortset
Studentane vil våren 2019 få utvida støtteperioden med ytterlegare ei veke i den fireårige opptrappinga til 11 månader med studiestøtte. Det vil seie at dei får 10 månader pluss tre veker med studiestøtte. I 2020 skjer opptrappinga med den fjerde veka med studiestøtte.
Ikkje alle får 11 månader med studiestøtte
Opptrappinga til 11 månader støtte gjeld berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning og fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret. 
For å ha rett til den ekstra utbetalinga må ein studere i ein periode på minst fire månader og maks. fem månader i perioden: 
o 16. januar til 15. juli for utdanningar i Noreg
o 16. januar til 15. august for utdanningar i utlandet
Her kan du lese meir om opptrappinga til 11 månader med studiestøtte. 

No kan studentar få støtte til delstudiar i utlandet på deltid

Studentar kan få støtte til delstudiar i utlandet (utveksling) på deltid. Utdanninga må vere ein del av ei høgare utdanning eller fagskoleutdanning dei har starta i Noreg. Støtta blir berekna ut frå studiebelastninga til studenten i delstudieperioden. 

Opptrappinga til 11 månader med studiestøtte fortset

Studentane vil våren 2019 få utvida støtteperioden med ytterlegare ei veke i den fireårige opptrappinga til 11 månader med studiestøtte. Det vil seie at dei får 10 månader pluss tre veker med studiestøtte. I 2020 skjer opptrappinga med den fjerde veka med studiestøtte.

Ikkje alle får 11 månader med studiestøtte

Opptrappinga til 11 månader støtte gjeld berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning og fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret. For å ha rett til den ekstra utbetalinga må ein studere i ein periode på minst fire månader og maks. fem månader i perioden: o 16. januar til 15. juli for utdanningar i Norego 16. januar til 15. august for utdanningar i utlandet

Her kan du lese meir om opptrappinga til 11 månader med studiestøtte.