Utvida frist for å søkje lån og stipend i Lånekassen

Sist oppdatert: 03.04.2020
Elevar og studentar får utvida moglegheit til å søkje om lån og stipend for vårsemesteret 2020 frå 24. mars til 15. april.

På grunn av koronasituasjonen har Kunnskapsdepartementet vedteke at elevar og studentar får moglegheit til å søkje om lån og stipend fram til 15. april. Fristen for å søkje var opphavleg 15. mars, men søknaden opna på nytt tysdag 24. mars.

Den utvida søknadsfristen gjeld berre for vårsemesteret 2020. Elevar/studentar som allereie får fullt lån og stipend, kan ikkje få meir støtte.

Lærestadene sine oppgåver:

Før Lånekassen kan behandle einskilde innsendte søknader, må lærestaden gi, eller stadfeste opplysningar i søknaden. Dette kallar vi å klargjere ein søknad. Søknaden må vere ferdig behandla i Lånekassen og utbetalingsvilkåra må vere oppfylte for at eleven/studenten skal få utbetalt støtte. Lånekassen treng følgjande informasjon frå lærestadene:

  • Lærestadene må rapportere at eleven/studenten har starta utdanninga. Lærestader med rullerande opptak som har moglegheit til å leggje til rette for at undervisninga kan fortsette som nettundervisning, skal rapportere frammøte for sine elevar/studentar.

  • Det skal ikkje meldast møtt for elevar/studentar våren 2020 som er tatt opp til utdanning  med stadbasert undervisning utan moglegheit for nettundervisning. Lærestader som er usikre på om dei skal melde møtte for elevane/studentane sine kan ta kontakt med lærestadsseksjonen på e-post: .

  • Lånekassen ber om at lærestadene rettleiar elevar og studentar som treng hjelp i søknadsprosessen.

Rapportere fråvær og avbrot

Som følgje av koronaviruset er reglane endra for korleis lærestadene skal rapportere avbrot og fråvær for vårsemesteret 2020. Klikk her for å lese meir om dei nye reglane

Fleire tiltak

Flere tiltak
Regjeringa vil hjelpe studentane som står i ein vanskeleg økonomisk situasjon på grunn av koronautbrottet. I tillegg til utsett søknadsfrist skal desse ekstraordinære tiltaka iverksettast: 
I april vil resten av studiestøtta for vårsemesteret 2020 utbetalast. 
Studentar som kan stadfeste at dei har mista inntekt på grunn av koronasituasjonen får moglegheit til å søkje om eit tilleggslån på 26 000 kroner. 30 prosent blir omgjord til stipend. Studentane kan søkje om tilleggslånet i løpet av mai. 
To ekstra betalingsutsetjingar. Utsetjingane gjeld rekningane med forfall i mars og april.
Les meir om desse tiltaka her

Regjeringa vil hjelpe studentane som står i ein vanskeleg økonomisk situasjon på grunn av koronautbrottet. I tillegg til utsett søknadsfrist skal desse ekstraordinære tiltaka iverksettast:

  •  I april vil resten av studiestøtta for vårsemesteret 2020 utbetalast. 

  • Studentar som kan stadfeste at dei har mista inntekt på grunn av koronasituasjonen får moglegheit til å søkje om eit tilleggslån på 26 000 kroner. 30 prosent av lånet blir gjort om til stipend. 

  • Studentane kan søkje om tilleggslånet i løpet av mai. To ekstra betalingsutsetjingar. Utsetjingane gjeld rekningane med forfall i mars og april.

    Les meir om desse tiltaka her