Koronasituasjonen: rapportere frammøte, fråvær og avbrot

Sist oppdatert: 02.04.2020
Som mange andre grupper har lærestader i Noreg fått arbeidskvardagen sin påverka av koronaviruset ved at dei må følge nye retningslinjer for korleis hindre vidare spreiing. Fleire lærestader er stengde for undervisning, og mange jobbar heimanfrå.

Her følger informasjon om korleis du skal rapportere fråvær, frammøte og avbrot for elevane/studentane dine. Vi har ikkje svar på alle spørsmål på noverande tidspunkt. Denne sida blir oppdatert så fort vi har avklaringar på plass.

Rapportere frammøte 

For at eleven/studenten skal få utbetalt støtte, må du rapportere at ho har møtt til undervisninga. Lærestader med rullerande opptak som har moglegheita til å legge til rette for at undervisninga kan fortsette som nettundervisning, skal rapportere frammøte for elevane/studentane sine. De rapporterer frammøte i arbeidsflata for lærestadene.

Det skal ikkje meldast møtt for elevar/studentar som i inneverande semester er tatt opp til eit studium med stadbasert undervisning utan moglegheit for nettundervisning. Lærestader som er usikre på om dei skal melde møtt for sine elevar/studentar blir bedt ta kontakt med lærestedsseksjonen på e-post .

Rapportere fråvær 

På grunn av utbrottet av koronavirus skal lærestadene ikkje melde fråvær. Lærestader som har meldt fråvær for sine elevar/studentar tidlegere dette semesteret treng ikkje korrigere dette i arbeidsflata for lærestadene.

Lærestadene skal ikkje melde fråvær for sine elevar/studentar for vårsemesteret 2020.

Rapportere avbrot 

Som følgje av koronavirusutbruddet er plikta for rapportering av avbrot og årsaken til dette endra ut vårsemesteret 2020.

Lærestadene skal melde inn avbrot som oppstod før 12. mars. Avbrot som oppstod frå 12. mars skal ikkje rapporterast til Lånekassen. Dette gjeld for vårsemesteret 2020.

Tilgang til arbeidsflata for lærestadene 

Mange lærestadstilsette har tilgang til teknisk utstyr som berbar datamaskin heimanfrå og har dermed moglegheit til å rapportere frammøte for elevane/studentane sine i arbeidsflata for lærestadene. Lærestadstilsette som manglar tilgang kan ta kontakt med lærestadsseksjonen på e-post

Det viktig at de ikkje sender personsensitive opplysningar om elevane og studentane dykkar via e-post. Viss de har behov for å sende opplysningar som identifiserer elevar/studentar, ber vi om at de passordvernar vedlegga de sender i e-posten.