For elevar på vidaregåande

Sist oppdatert: 23.08.2018
Elevar kan få stipend frå Lånekassen.

Alle elevar i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, somme elevar får bustipend, og somme får grunnstipend. Er du over 18 år og bortebuar, kan du søkje om lån. Du sender berre ein søknad, så sjekkar vi automatisk kva du har rett til.

Still spørsmål og få nyttig informasjon på www.facebook.com/lanekassen.vgs/

Så mykje stipend kan du få

Utstyrsstipend til alle elevar

Når du startar på vidaregåande, kan du få utstyrsstipend, men du må søkje om det.

Utstyrsstipendet er meint å hjelpe til å dekkje utgifter til skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede. Du får 1032 kroner, 2285 kroner eller 3818 kroner per år, avhengig av kva utdanningsprogram du tek.

Les meir om utstyrsstipend

Bustipend til elevar som bur borte

Må du bu borte frå foreldra dine, kan du ha rett til bustipend på inntil 4 437 kroner per månad. Les meir om bustipend.

Grunnstipend til elevar i familiar med svak økonomi

Grunnstipendet avheng av økonomien til foreldra dine og er på anten 1074 kroner, 2147 kroner eller 3224 kroner per månad.

Les meir om grunnstipend.

Sjå kor mykje stipend du kan få

Søk om stipend når du har fått skoleplass

Du kan søkje om støtte frå Lånekassen for neste skoleår dersom

  • du har fått skoleplass
  • og har takka ja til plassen

Elevar som får skoleplass, kan søkje i juli. Står du på venteliste, kan du først søkje i august.

Les meir om korleis du søkjer om stipend og når du får pengane

Slik får du pengane

Du får svar på søknaden på Dine sider. Er du over 18 år, signerer du avtalen sjølv. Er du under 18 år, må ein forelder signere avtalen for deg.

Får du lån til skolepengar, kjem avtalen i posten, og du og ein forelder må signere saman.

Slik signerer foreldre til elevar under 18 år

Foreldre/verje skal signere avtalen om støtte til elevar under 18 år. Vi treng berre signatur frå ein av foreldra. Les meir om foreldresignering på lanekassen.no. Elever over 18 år signerer avtalen sjølv.

Til rådgivarar

Illustrasjonar du kan bruke i rådgivingstimar

Desse illustrasjonane kan du bruke i rettleiing om Lånekassen:

Bilde til skjermar på skolen

Filmar til sosiale medium og skolen si nettside

Elevar får informasjon på Facebook om Lånekassen

Elevane kan få nyttig informasjon og svar på spørsmål frå Lånekassen på www.facebook.com/lanekassen.vgs/