For studentar

Sist oppdatert: 16.05.2019
Søk om stipend og lån frå Lånekassen.

Det er lurt å søkje tidleg om lån og stipend, slik at får du pengar til studiestart.

Gå til søknaden

Få informasjon på Facebook

Slik søkjer du

Så mykje støtte kan du få

Du kan få inntil 11 020 kroner i basisstøtte per månad i undervisningsåret 2019-2020. Støtta blir utbetalt som eit lån, men inntil 40 prosent av lånet kan bli gjord om til stipend.

Fulltidsstudentar i høgare utdanning og på fagskole får utbetalt støtte fire ekstra veker i juni 2020. Ei av dei fire vekene får du under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i stasbudsjettet for 2020.

Slik skjer omgjering av lån til stipend

All støtte frå Lånekassen blir utbetalt som eit lån, men inntil 40 prosent av basisstøtten kan bli gjord om til stipend.

Les meir om korleis omgjering fungerer.

Opptrappinga til 11 månader med studiestøtte fortset

I undervisningsåret 2019–2020 fullføres opptrappinga frå 10 til 11 månader med støtte for studentar i høgare utdanning og fagskoleutdanning.

Det betyr at du i 2019–2020 får studiestøtte for 11 månader, under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2020.

Deltidsstudentar og elevar får ikkje utvida støtteperioden

Opptrappinga til 11 månader med støtte gjeld berre for fulltidsstudentar som tek høgare utdanning, og for studentar på fagskole.

Studerer du berre i haustsemesteret, får du heller ikkje den ekstra utbetalinga. Studerer du om våren, får du den ekstra utbetalinga.

Les meir om 11 månader med studiestøtte