Søknadstypen styrer kva støtte elevane får

Sist oppdatert: 27.06.2018
Lånekassen kan gje støtte til elevar som tek grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 første ledd og etter § 4A-1 andre ledd. Desse elevgruppene får støtte etter ulike delar i Lånekassens tildelingsforskrift, og skal derfor bruke ulike søknader.

Opplæringslova § 4A-1 første ledd - elevar utan ungdomsrett 

Første ledd omfattar elevar som 

  • er over opplæringspliktig alder 
  • treng grunnskoleopplæring
  • ikkje har ungdomsrett 

Desse elevane har rett til støtte etter tredje del i Lånekassens forskrift om tildeling av utdanningsstøtte. Elevane skal bruke «Søknad for høgare og anna utdanning».

Opplæringslova § 4A-1 andre ledd - elevar med ungdomsrett

Andre ledd omfattar elevar som

  • er over opplæringspliktig alder 
  • har behov for meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring 
  • har rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett*) etter opplæringslova § 3-1 

Desse elevane har ungdomsrett, og får støtte etter andre del i Lånekassen sine forskrifter. Dei skal bruke «Søknad for vanleg vidaregåande opplæring». 

Kvifor er det viktig at eleven bruker rett søknad?

Det er fleire forskjellar på støtta etter andre og tredje del av Lånekassen sine forskrifter. Fordi det er ulike støtteordningar, er også vilkåra for tildeling av støtte ulike. Det er derfor svært viktig at eleven bruker rett søknad, og dermed får støtte etter korrekt del i forskriften.

 

 

 

 

Opplæringslova § 4A-1 første ledd
Elever med rett til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 første ledd, er dei som ikkje har fullført grunnskolen. 
Desse elevane har rett til støtte etter tredje del i Lånekassens forskrift for utlevering av utdanningsstøtte. Dei skal bruke «Søknad for høgare og anna utdanning».
Opplæringslova § 4A-1 andre ledd
Elevar som får grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 andre ledd, er elevar som har fullført grunnskolen, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring. 
Desse elevane har ungdomsrett, og skal ha støtte etter andre del i Lånekassens forskrifter. Dei skal bruke «Søknad for vanleg vidaregåande opplæring». 
Kvifor er det viktig at eleven bruker rett søknad? 
Det er fleire forskjellar på støtte etter andre og tredje del av Lånekassens forskriftar. Det er ulike typar støtteordningar, og det er ulike vilkår for å få støtte og omgjering av lån til stipend. Det er derfor svært viktig at eleven bruker rett søknad, og dermed får støtte etter korrekt forskriftsdel.