Brukarrettleiing – grunnskolerapportering

Sist oppdatert: 23.06.2020
For å rapportere følgt undervisning for elevar i grunnskoleopplæring, trykker de på lenka «Rapporter fulgt undervisning» i høgremenyen på framsida av arbeidsflata.

Dersom de skal rapportere for mange elevar, kan det vere lurt å sende ca. 10 om gongen. Viss de jobbar for lenge i skjemaet, kan det oppstå problem med innsending. Det beklagar vi.

1. Vel riktig emne

Søk opp emne ved å skrive inn GRUNNSKOLE i feltet «Emne».
Vel emne: Grunnskoleopplæring 2019-2020 for alle elevane.

2. Fødselsnummer

Registrer eleven sitt fødselsnummer (11 siffer). Dersom de får melding om ugyldig fødselsnummer så kan det vere at eleven/studenten ikkje er registrert i Lånekassen. Du skal ikkje rapportere for denne eleven.

3. Vel riktig periode

Vel periode:

  • «Helår» for elevar som har følgt undervisning både haust- og vårsemesteret.
  • «Høst» for elevar som har følgt undervisning berre i haustsemesteret.
  • «Vår» for elevar som har følgt undervisning berre i vårsemesteret.

4. Vel riktig studieår

Her skal de velje studieåret 2019-2020.

5. Følgt undervisning

Her skal de velje «Ja» dersom eleven har følgt undervisning heile perioden.
Her skal de velje «Nei» dersom eleven ikkje har følgt undervisning heile perioden.

6. Undv.timer per veke

Her skal de melde talet på timar per veke eleven har følgt undervisning, maksimalt 20 timar. Dersom eleven har følgt undervisning meir enn 20 timar per veke oppgir de likevel 20 timar.

Når du har registrert elevgruppa du vil rapportere for, trykk på knappen «Neste».

  • Du får no opp ei oppsummeringsside som viser kva opplysningar du har lagt inn på elevane.
  • Kontroller at opplysningane du har registrert er riktig før du klikkar på knappen «Send inn».
  • Etter at du har sendt inn resultata vil du få ei kvittering i arbeidsflata. Denne kvitteringa blir ikkje lagra.

Hugs å lukke oppgåva «Rapporter eksamensdata» når du er ferdig med å rapportere følgt undervisning for alle elevar. Opne oppgåva «Rapporter eksamensdata» på framsida av arbeidsflata og trykk «Utført». Viss de ikkje klikkar på «Utført», sender vi påminning om uløyste oppgåver til dykk kvar veke.

Rapportering som de ikkje får sende inn via skjemaet i arbeidsflata

Dersom eleven har følgt undervisning delar av studieåret, for eksempel på grunn av permisjon, eller at du skal rapportere følgt undervisning for tidlegare studieår, send ein e-post til