Lærestaden sine oppgåver

Sist oppdatert: 22.08.2017
Her finn du informasjon om kva oppgåver lærestaden må utføre, slik at elevar som tek grunnskoleopplæring får den støtta dei har rett til frå Lånekassen.

Rettlei elevane dine

Alle lærestader må informere elevane om Lånekassen sine ordningar. Sjå Rundskriv frå Kunnskapsdepartementet.

Støtte etter tredje del i forskrifta om utdanningsstøtte

 Rapporter til Lånekassen

Klargjer søknader på arbeidsflata

Før Lånekassen kan behandle enkelte søknader, må de gi eller stadfeste opplysningar i desse søknadene. Dette kallar vi å klargjere ein søknad.
De må stadfeste

  • at eleven har rett til grunnskoleopplæring etter § 4A-1 i opplæringsloven
  • kor mange timar med klasseromsundervisning eleven skal ha per veke

Frammøte

Ved semesterstart haust og vår må de rapportere at eleven har møtt fram på lærestaden og begynt å følgje undervisninga. Les meir om korleis de rapporterer frammøte.

Fråvær, avbrott og endring i studiebelastning


De må melde frå kontinuerleg til Lånekassen om endringar som kan påverke støtta til eleven. 

Rapporter følgt undervisning

  • De skal rapportere følgt undervisning (eksamensdata) for alle elevar etter fullført undervisningsår, sjølv om elevane skal fortsetje grunnskoleopplæringa neste undervisningsår. Frist for å rapportere er 1. juli.
  • De skal registrere resultat for alle elevar som har følgt undervisninga.

  • De rapporterer "følgt undervisning" på arbeidsflata. På arbeidsflata kan de lese meir om korleis de rapporterar dette.

Opprett ny utdanning?

Dersom de ønskjer å tilby nye utdanningar, må de søkje om støtterett for desse. Bruk skjemaet ”søknad om støtterett”, som de finn på arbeidsflata for lærestadene.

  Les meir om korleis dere søkjer om godkjenning for støtte