Flyktningstipend

Sist oppdatert: 21.08.2020
Flyktningar som har fått vern i Norge, kan få flyktningstipend på visse vilkår. Reglane for flyktningstipend er ulike for elevar som har ungdomsrett og elever som ikkje har ungdomsrett.

Her kan du lese om kva ungdomsrett er.

Du må oppfylle desse vilkåra for å få flyktningstipend

  1. Du må vere flyktning: Du blir rekna som flyktning dersom du er utanlandsk statsborgar og har fått vern (asyl) i Noreg. Du må vere registrert med flyktningstatus hos Utlendingsdirektoratet (UDI).
  2. Du må ta grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring, og ha rett til støtte til denne opplæringa.

Du kan ikkje få flyktningstipend samtidig som du får introduksjonsstønad

Du har ikkje rett til flyktningstipend i den perioden du får introduksjonsstønad. Får du introduksjonsstønad delar av skoleåret, kan du få flyktningstipend for den perioden du ikkje får introduksjonsstønad.

Du kan få flyktningstipend i ein avgrensa periode

Du kan få flyktningstipend i maksimum tre år. Kor mange år du får, avheng av kor raskt du begynner i utdanning etter at du fekk vern (asyl):

  • begynner du på utdanninga innan tre år* etter at du kom til Noreg, kan du få stipend i maksimum tre år
  • begynner du på utdanninga innan fire år* etter at du kom til Noreg, kan du få stipend i maksimum to år
  • begynner du på utdanninga innan fem år* etter at du kom til Noreg, kan du få stipend i maksimum eitt år

*) Perioden kan bli utvida med to år dersom du

  • har barn eller får barn i løpet av den tida du normalt kunne fått flyktningstipend. Utdanninga må starte før barnet er fylt ti år.
  • har rett til grunnskoleopplæring før du startar på vanleg vidaregåande opplæring.
Informasjon til flyktninger
Lånekassen har laget en brosjyre om lån og stipend til flyktninger. Klikk her for å laste ned og dele den med dine elever.

Informasjon til flyktningar

Lånekassen har laga ei brosjyre om lån og stipend til flyktningar. Klikk her for å laste ned og dele den med dine elevar.

Slik søker du om flyktningstipend

Det er ikkje ein eigen søknad om flyktningstipend. Du må sende inn ein vanleg søknad om lån og stipend. Denne finst i to variantar. Slik vel du riktig variant av søknaden:

  • har du ungdomsrett, skal du bruke "Søknad for vidaregåande skole"
  • har du ikkje ungdomsrett, skal du bruke "Søknad for høgare og anna utdanning"

Er du usikker på om du har ungdomsrett eller ikkje, kan du spørre ein rådgivar på skolen din. Du finn søknadene på lanekassen.no. For å komme til sjølve søknaden, må du logge inn med BankID eller MinID.

Dokumentasjon du må sende inn

Får du eller skal du få introduksjonsstønad i perioden du søker om lån og stipend, må du sende inn kopi av vedtaket frå kommunen eller Nav som viser perioden du får introduksjonsstønad

Har du avslutta introduksjonsprogrammet, må du sende innbekrefting frå kommunen eller Nav som viser kva for dato du fullførte introduksjonsprogrammet

Lånekassen hentar inn opplysningar frå UDI om opphaldsløyvet ditt. Du treng derfor ikkje å sende inn dokumentasjon frå UDI, med mindre vi ber spesielt om det.

Slik får du utbetalt pengane

Før du kan få pengar, må desse tre tinga vere i orden:

  1. Skolen din må bekrefte at du har fått opptak til utdanninga og at du      har møtt fram til undervisninga.
  2. Du må ha oppgitt eit gyldig norsk kontonummer som tilhøyrer deg.Dette gjer du i søknaden. Du kan endre kontonummeret på Dine sider.
  3. Avtalen om støtte må være signert.

Har du fylt 18 år, må du sjølv signere avtalen om lån og stipend. Er du under 18 år, må éin av foreldra dine signere avtalen om lån og stipend. Er du foreldrelaus eller foreldra dine bur i utlandet, må verjen din signere avtalen om lån og stipend. Får du lån, må både foreldre/verje og du sjølv signere avtalen om lån og stipend.

Du kan følge med på saka di på Dine sider

Når du har logga inn på Dine sider finn du informasjon som gjeld saka di. Her finn du også avtalen din om lån og stipend. Denne må du signere for å få utbetalt pengar.