Grunnskoleopplæring

Sist oppdatert: 09.12.2019
Lånekassen kan gi støtte til elevar som tek grunnskoleopplæring. Det som avgjer kva søknad eleven skal bruke, er om eleven har ungdomsrett eller ikkje.

Ungdomsrett er retten eleven har til vidaregåande opplæring. Retten gjeld frå eleven går ut av ungdomsskolen og ut det skoleåret som begynner det året eleven fyller 24 år. Det er mogeleg å ta seg friår undervegs, eller bytte utdanningsprogram. Lånekassen kan ikkje svare på spørsmål om kva elevar som har ungdomsrett.

Elevar utan ungdomsrett - opplæringsloven § 4A-1 første ledd

Første ledd omfattar elevar som:

  • Er over opplæringspliktig alder
  • Treng grunnskoleopplæring
  • Ikkje har ungdomsrett

Elevar utan ungdomsrett skal bruke «Søknad for høgare og anna utdanning» når dei søkjer om støtte. Støtte blir gitt etter tredje del av Lånekassens forskrift om utdanningsstøtte.

Elevar med ungdomsrett - opplæringsloven § 4A-1 andre ledd

Andre ledd omfattar elevar som:

  • Har behov for meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring
  • Har ungdomsrett (opplæringsloven § 3-1)

Elever med ungdomsrett skal bruke «Søknad for vanleg vidaregåande opplæring» når dei søkjer om støtte. Støtte blir gitt etter andre del av Lånekassens forskrift om utdanningsstøtte.

Elevar med ungdomsrett har rett til utstyrsstipend

Elevar som har ungdomsrett og som tek grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 andre ledd, har rett til utstyrsstipend. Elever utan ungdomsrett har ikkje rett til utstyrsstipend.

Hjelp eleven:

Vel rett søknad og kontroller i arbeidsflata

Vi anbefaler at de hjelper elevane med å velje rett søknad og sende denne til Lånekassen. Alle søknader som kjem inn i arbeidsflata for lærestadene, må i tillegg kontrollerast av dykk.

Kvifor er det viktig at eleven bruker rett søknad?

Det er fleire forskjellar på støtte etter andre og tredje del av Lånekassens forskrift om utdanningsstøtte. Fordi det er ulike støtteordningar, er også vilkåra for tildeling av støtte ulike. Dersom eleven har brukt feil søknad, må du avvise søknaden og be han/henne om å søkje på nytt.