Støtte til vaksne som tek grunnskoleopplæring

Sist oppdatert: 04.10.2018
Informasjon om Lånekassen sine støtteordningar for vaksne som tek grunnskoleopplæring.

Nye reglar frå 2018–2019

Lånekassen kan frå og med undervisningsåret 2018–2019 gi støtte til elevar som tek grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 andre ledd. Dette er elevar som har fullført grunnskolen, og har ungdomsrett, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring. Desse elevane får støtte etter andre del i Lånekassens forskrifter.

Kor mykje pengar kan elevane få?

Kor mykje elevane kan få i støtte til å ta grunnskoleopplæring, er avhengig av kor mange undervisningstimar dei har i veka (studiebelastning), og kva type støtte dei har søkt om. I søknadsskjemaet vel elevane om dei søkjer om stipend, stipend og eit avgrensa lån eller stipend og maksimalt lån.  

Støtta blir utbetalt kvar månad, til vanleg den 15. 

Dette har innverknad på kor mykje pengar elevane kan få:

Studiebelastning

Elevar med støtte etter tredje del 
  • Elevar i grunnskoleopplæring kan få støtte til fulltidsutdanning dersom dei har minimum 20 undervisningstimar per veke. 
  • Elevar som har frå 10 timar til 19 undervisningstimar, kan få støtte til deltidsutdanning.
  • Elevar som har mindre enn 10 undervisningstimar per veke, kan ikkje få støtte.

Elevar med støtte etter andre del 

  • Elevar med ungdomsrett har rett til full støtte, sjølv om dei tek opplæring på deltid.
  • Elevar med ungdomsrett kan ha rett til utstyrsstipend. 

Flyktningstipend

Lånekassen vurderer flyktningstipend ut frå opplysningane eleven gir i søknaden, og dei skal ikkje sende inn ein eigen søknad om flyktningstipend i tillegg til den vanlege søknaden om støtte. Dersom ein elev får flyktningstipend, blir heile støtta utbetalt som stipend, unnateke lån til dekning av skolepengar. 

Alle vilkåra må vere oppfylte for at eleven skal ha rett til flyktningstipend:

  • Eleven er ein utanlandsk statsborgar som har fått vern (asyl) i Noreg.
  • Eleven må vere registrert med flyktningstatus hos Utlendingsdirektoratet (UDI).
  • Eleven tek vanleg vidaregåande opplæring eller grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 i Noreg. Eleven  har ikkje rett til flyktningstipend i periodar han/ho får introduksjonsstønad.

De finn meir informasjon om flyktningstipend på kundesidene.