Årstimar

Sist oppdatert: 27.03.2018
Årstimar for fag i vidaregåande skule er fastsette i læreplanen (Kunnskapsløftet).

Årstimar for dei ulike faga finn du på vilbli.no:

  • Vel utdanningsprogram 
  • Vel «Fag og timefordeling» i høgremenyen
  • Klikk på det aktuelle trinnet for å sjå fag og årstimar 
Slik finn du fram til fag og årstimar for dei ulike utdanningsprogramma. (LEKKJE) 
Lånekassen reknar ut studiebelastninga ut frå kor mange årstimar eleven tek, og lengda på utdanninga. Ein elev må ha minst 50 prosent studiebelastning for å ha rett til støtte. Vi gir 50, 67, 75 eller 100 prosent støtte.  Vi rundar alltid ned til nærmaste intervall.  

Nytt frå 2018–2019 for elevar med ungdomsrett

Frå undervisningsåret 2018–2019 skal de ved lærestadene ikkje lenger melde inn endring i studiebelastning for elevane som har ungdomsrett, fordi dette ikkje lenger påverkar kor mykje støtte eleven har rett til.  

De skal framleis melde inn endra studiebelastning for elevar som ikkje har ungsdomsrett.

Elevar med ungdomsrett får full støtte til vidaregåande opplæring i Noreg, sjølv om dei tek utdanning på deltid. 

Gjeld elevar utan ungdomsrett