Fylkeskommunen sine oppgåver

Sist oppdatert: 27.03.2018
Her finn du informasjon om kva oppgåver fylkeskommunane må utføre for Lånekassen.

Støtte til elevar og lærlingar med ungdomsrett

  • Elevar og lærlingar som tek vidaregåande opplæring med ungdomsrett, har rett til støtte etter andre del i forskrifta om utdanningsstøtte.
  • Les meir om støtte etter andre del

Støtte til elevar og lærlingar utan ungdomsrett

  • Elevar og lærlingar som tek vidaregåande opplæring utan ungdomsrett, har rett til støtte etter tredje del (høgare og anna utdanning) i forskrifta om utdanningsstøtte.
  • Les mer om støtte etter tredje del

Rapporter til Lånekassen

Klargjer søknader for lærlingar på arbeidsflata

Dersom Lånekassen treng stadfesting i samband med bustipend, blir søknaden send til arbeidsflata.

Endring i stillingsprosent

Rapporter til Lånekassen dersom ein lærling endrar stillingsprosent. Du melder frå om endring på arbeidsflata for lærestadene ved å søke opp lærlingen og velje «endra studiebelastning».  

Avbrot

Rapporter til Lånekassen dersom ein lærling

  • hever eller bryt kontrakten
  • tek permisjon
  • er permittert i ein periode på meir enn seks veker

Du melder avbrott på arbeidsflata for lærestadene ved å søke opp lærlingen og velje «avbrot».

Rapporter fullført utdanning

Fylkeskommunane rapporterer eksamensdata for lærlingar, elevar og privatistar i vidaregåande opplæring. Dette skal gjerast snarast mogeleg etter semesterslutt eller avslutta utdanning.

Fristen for å rapportere er 1. september og 1. mars. 

På arbeidsflata kan du lese meir om korleis du skal rapportere eksamensdata.