Lærlingar

Sist oppdatert: 21.03.2017
Lærlingar med godkjend lærekontrakt kan søkje om støtte frå Lånekassen. Lånekassen får opplysningar om godkjend lærekontrakt direkte frå Vigo.

De må stadfeste opplysningar  for somme av  lærlingane. Søknadene vil komme i oppgåvelista på arbeidsflata.

Avbrot

Dersom ein lærling avbryt lærekontrakten, må fagopplæringskontoret/opplæringsavdelinga/yrkesopplæringsnemnda sende melding til Lånekassen via arbeidsflata for lærestadene.

Behovsprøving av bustipend for lærlingar

Lærlingar med ungdomsrett som bur borte frå foreldra sine under utdanninga, kan ha rett til bustipend.

Bustipendet for lærlingar blei ikkje behovsprøvd tidlegare, men frå og med undervisningsåret 2016–2017 blei dette stipendet behovsprøvd mot lærlingen si inntekt. Stipendet blir gradvis redusert når lærlingen tener meir enn 13 556 kroner brutto per månad. Sjå § 17-1 og § 20-2 i forskrifta om tildeling av støtte.