Søk om godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte

Sist oppdatert: 21.04.2020
Lærestader som ønskjer å tilby nye utdanningar må søkje Lånekassen om å få utdanninga godkjent for utdanningsstøtte.

Dette gjeld også utdanningar som er godkjende etter ein utdanningslov. Slik godkjenning gir ikkje automatisk rett til lån og stipend i Lånekassen.

For lærestader som har utdanningar som er godkjende 

Bruk "Søknad om godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte" som du finn på arbeidsflata, dersom lærestaden har andre utdanningar som tidlegare er godkjende for utdanningsstøtte frå Lånekassen.

For lærestader som ikkje har utdanningar som er godkjende

Søk om godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte via arbeidsflata for lærestadene. Arbeidsflata er ein portal for informasjonsutveksling mellom Lånekassen og lærestadene.

For å få tilgang til arbeidsflata må du først sende desse opplysningane til Lånekassen:

  • namn på lærestaden
  • postadresse, postnummer og poststad
  • lærestaden sitt telefonnummer
  • adresse til lærestaden si nettside
  • lærestaden si e-postadresse
  • lærestaden si målform

Legg ved utfylt administratorskjema med opplysningar om personen ved lærestaden som ønskjer tilgang til arbeidsflata.

Send opplysningane og administratorskjemaet per e-post til eller per post til:

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Behandlingstida er to-tre uker. I periodar kan behandlingstida være lengre. Når vi har oppretta tilgang for deg på arbeidsflata, får du ein e-post med opplysningar om korleis du skal logge inn.

Kva utdanningar kan bli godkjende for utdanningsstøtte?

Les meir om kva utdanningar som kan bli godkjende for lån og stipend i forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Norge.

Opplæring som blir sett i gong av, eller i samråd med, Arbeids- og velferdsetaten (Nav) og etatsopplæring/bedriftsintern opplæring gir ikkje rett til utdanningsstøtte i Lånekassen. Sjå § 5, bokstav b. og c. i forskrift om godkjenning av utdanningsstøtte.
Sidan studenten ikkje har rett til lån og stipend, må de avvise søknaden i arbeidsflata og velje årsaka «Søkeren tek ei utdanning som ikkje er støtteberettigeta av Lånekassen».

Opplæring som blir sett i gong av, eller i samråd med, Arbeids- og velferdsetaten (Nav) og etatsopplæring/bedriftsintern opplæring gir ikkje rett til utdanningsstøtte i Lånekassen. Sjå § 5, bokstav b. og c. i forskrift om godkjenning av utdanningsstøtte i Norge.

Sidan studenten ikkje har rett til lån og stipend, må de avvise søknaden i arbeidsflata og velje årsaka «Søkeren tek ei utdanning som ikkje er støtteberettigeta av Lånekassen».

Les meir

Grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 i opplæringslova

  • Lånekassen kan gi lån og stipend til vaksne som tek grunnskoleopplæring, og som har rett til slik opplæring etter § 4 A-1 i opplæringslova.
  • Lånekassen gir berre lån og stipend til elevar som deltek i organisert klasseromsundervisning. 
  • Lånekassen treng informasjon om elevane følgjer ordinær skolerute, eller om de kan starte (og eventuelt slutte) når som helst i skoleåret. De må opplyse om dette i søknaden.
  • Lånekassen kan gi lån og stipend til elevar som tek grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 andre ledd. Dette er elevar som har fullført grunnskolen, og har ungdomsrett, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring. Desse elevane får lån og stipend etter andre del i Lånekassens forskrifter. Lærestader som tilbyr/skal tilby grunnskoleopplæring for denne gruppa, må sende e-post til Lånekassen om dette. 

Folkehøgskolar

  • Utdanning ved folkehøgskolar må vere godkjend etter folkehøyskoleloven.
  • Det er Kunnskapsdepartementet som godkjenner nye folkehøgskolar. 

Private vidaregåande skolar

Dette gjeld for private vidaregåande skolar som ikkje følgjer offentleg godkjende læreplanar:

  • Utdanning ved private vidaregåande skolar som ikkje følgjer offentleg godkjende læreplanar, må vere godkjende etter § 2-1 i friskolelova  eller § 17 i lov om vaksenopplæring  før de kan sende inn søknad om godkjenning av utdanning for lån og stipend til Lånekassen.
  • Det er Utdanningsdirektoratet som behandlar søknader om godkjenning etter friskolelova eller lov om vaksenopplæring.

Dette gjeld for private vidaregåande skolar som følgjer offentleg godkjende læreplanar, men som ikkje har godkjenning etter ein utdanningslov:

  • De må sende inn søknad om godkjenning av utdanning for lån og stipend til Lånekassen, skildre utdanningsopplegget og opplyse om elevane vil få tilbod om å gå opp til offentleg eksamen som privatistar.

Offentlege vidaregåande skolar

For dei fleste utdanningsprogram på vidaregåande skole er det ikkje nødvendig å søkje om godkjenning av utdanning for lån og stipend. Lånekassen får nemleg opplysningar om nye og eksisterande utdanningsprogram frå Vigo.

Det er likevel nokre unntak, altså utdanningar som vi ikkje får opplysningar om frå Vigo. For desse utdanningane krev vi at de søkjer om godkjenning. Bruk skjemaet i arbeidsflata for å søkje om godkjenning av utdanning for lån og stipend. Det gjeld:

  • vaksenopplæring
  • fagskoleutdanning (bruk eige skjema for fagskoleutdanning)
  • idrettsfag over fire år
  • studiespesialisering med idrett over fire år 
  • lokale kurs der elevane ikkje har opptak via Vigo, for eksempel kystskipper, yrkessjåfør og påbygging til generell studiekompetanse 23-timarskurs.
  • utdanningsopplegg som har skolepengar (for eksempel International Baccalaureate)
  • fagopplæring i skole

Fagskoleutdanning

  • Utdanning ved fagskolar må vere godkjende etter fagskoleloven før de kan sende inn søknad om godkjenning av utdanning for lån og stipend til Lånekassen.
  • Det er NOKUT som behandlar søknader om godkjenning etter fagskoleloven.

Nettskolar og studieforbund

  • Nettskolar må vere godkjende etter § 13 i vaksenopplæringsloven.
  • Studieforbund må vere godkjende etter § 5 i vaksenopplæringsloven.

Universiteta

Universiteta har fullmakt til å opprette studium på alle nivå. 

Vitskaplege høgskolar

  • Vitskaplege høgskolar har same fullmakter som universiteta på fagområde der de har rett til å gi doktorgradar.
  • For fagområde der de ikkje har rett til å gi doktorgradar, må de søkje NOKUT om godkjenning for tilbod på mastergrads- eller doktorgradsnivå.

Høgskolar

Høgskolar har fullmakt til å opprette utdanning på bachelornivå. De må søkje NOKUT om godkjenning for tilbod på mastergrads- eller doktorgradsnivå.