Folkehøgskolen sine oppgåver

Sist oppdatert: 10.10.2017
Her finn de informasjon om kva oppgåver folkehøgskolane må utføre, slik at elevane får den støtta dei har rett til frå Lånekassen.

Rettlei elevane dine

Alle lærestader må informere elevane om Lånekassen sine ordningar. Sjå rundskriv frå Kunnskapsdepartementet (pdf).

Støtte etter tredje del i forskrifta om utdanningsstøtte

Unntak: Somme elevar bruker av retten til vidaregåande opplæring (ungdomsretten) når dei går på folkehøgskole

Dei elevane som bruker av ungdomsretten når dei går på ein folkehøgskole, har rett til støtte etter andre del i forskrifta. Les meir om støtte etter andre del.

  • Desse elevane må bruke papirskjema for å søkje om støtte.
  • Det er derfor viktig at du tek kontakt med oss dersom du har elevar som bruker av ungdomsretten på folkehøgskole, slik at vi får sendt eit papirskjema til dei aktuelle elevane.


Rapporter til Lånekassen

Frammøte

Ved semesterstart haust og vår må de rapportere at eleven har møtt på fram lærestaden og begynt å følgje undervisninga. Les meir om korleis de rapporterer frammøte.

Fråvær, avbrott og endring

De må melde frå kontinuerleg til Lånekassen om endringar som kan påverke støtta til eleven. 

Rapporter fullført utdanning

Folkehøgskolar må rapportere fullført utdanning (eksamensdata) til Lånekassen. De skal rapportere eksamensdata snarast mogeleg etter semesterslutt eller avslutta utdanning. Frist for å rapportere er 1. juli.

På arbeidsflata kan de lese meir om korleis de rapporterer dette.