Fagskolen sine oppgåver

Sist oppdatert: 21.04.2020
Her finn de informasjon om kva oppgåver fagskolane må utføre, slik at elevane får utbetalt lån og stipend frå Lånekassen.

Dersom lærestaden også tilbyr ei anna type utdanning enn fagskoleutdanning, for eksempel vidaregåande opplæring, må du i tillegg lese informasjonen som gjeld denne typen utdanning.

Plikt til medverknad

Alle lærestader som tilbyr utdanningar som er godkjent for utdanningsstøtte i Lånekassen, har plikt til å medverke til gjennomføringa av utdanningsstøtteordningane, sjå utdanningsstøtteloven § 21. Lærestadene må blant anna melde frå kontinuerleg om vesentlege endringar i utdanningane som kan ha tyding for godkjenningane, sjå forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Norge § 6. Lærestadene må sjølv gjere ei konkret vurdering av kva endringar dei meiner kan ha tyding for godkjenninga.

Utdanningsstøtte etter § 3 fjerde ledd i forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Norge

Studentar/elevar ved fagskolar har rett til utdanningsstøtte etter § 3 fjerde ledd og merknad til fjerde ledd i forskrifta. Du finn meir informasjon om utdanningsstøtte til elevar på fagskolar på sidene for universitets- og høgskoleutdanning.

Rapporter eksamensdata til DBH
Fagskolar skal rapportere eksamensdata til DBH (Database for statistikk om høgre utdanning). Lånekassen får eksamensdata/resultat frå fagskolane direkte frå DBH

Rapporter eksamensdata til DBH

Fagskolar skal rapportere eksamensdata til DBH (Database for statistikk om høgre utdanning). Lånekassen får eksamensdata/resultat frå fagskolane direkte frå DBH.

Rapporter til Lånekassen

Klargjer søknader på arbeidsflata

Før Lånekassen kan behandle ein del av søknadene, må de gi eller stadfeste opplysningar i desse søknadene, og det kallar vi å klargjere ein søknad.

Hovudregelen er at de ikkje skal trenge å klargjere søknadene frå studentane. I somme tilfelle vil det likevel vere nødvendig.

  • Det kan for eksempel vere nødvendig dersom studenten har opplyst i søknaden at han skal ta utdanning på deltid. Då må de oppgi kor mange studiepoeng studenten skal ta.
  • Dersom fagskolen tilbyr utdanning med rullerande opptak, må de blant anna oppgi start- og sluttdato i søknaden.

Frammøte

Ved semesterstart haust og vår må de rapportere at studenten har møtt fram på lærestaden og begynt å følgje undervisninga. Les meir om korleis de rapporterer frammøte

Avbrott og endring

De må melde frå fortløpande til Lånekassen om endringar som kan påverke lånet og stipendet til studenten. 

Godkjende utdanningar

  • Ein gong i året må de sende oss melding om kva utdanningar de har fått godkjenning for i Lånekassen tidlegare, og som de skal fortsetje å tilby det kommande studieåret.
  • Vi sender dykk melding om dette på arbeidsflata for lærestader i januar.
  • Les meir om årleg rapportering av utdanningar

 

 

Opprette ny utdanning


Dersom de skal opprette ei ny utdanning, må de søkje Lånekassen om å få den godkjent for utdanningsstøtte. De må søkje om dette på arbeidsflata.Utdanninga må vere godkjend etter fagskoleloven før de kan sende inn ein slik søknad. Les meir om korleis de søkjer om godkjenning for støtte