Årleg rapportering av utdanningar

Sist oppdatert: 20.04.2020
Vi legg ut ei oppgåve på arbeidsflata når lærestaden skal rapportere utdanningar til Lånekassen.

Oppgåva blir lagt ut i løpet av januar.

Dette må du opplyse om

Når du rapporterer kva for utdanningar lærestaden skal tilby kommande studieår, må du også opplyse om eventuelle endringar i utdanningane. Du må blant anna opplyse om endringar som gjeld:

• Start- og/eller avslutningsdato
• Fagplanar/læreplanar
• Undervisningsform
• Undervisningsstad
• Namn på utdanninga
• Skolepengar

Søknad om godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte

Dersom de ønskjer å tilby nye utdanningar de ikkje tidlegere har fått godkjent, kan de sende ein søknad om godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte til Lånekassen. Søknadsskjema finn du på arbeidsflata for lærestadene.