Søk godkjenning for kvart nye 140 t. grunnutdanningskurs

Sist oppdatert: 04.09.2019
Når ein trafikkskole skal starte opp eit nytt 140 t. grunnutdanningskurs, må du som jobbar ved trafikkskolen søkje om godkjenning for utdanninga.

I undervisningsåret 2019-2020 kan Lånekassen gi støtte til 140 t. grunnutdanning for persontransport (bussjåfør), godstransport (lastebil- og vogntogsjåfør), og førarkort klasse C/CE/D dersom det blir teke i samanheng med grunnutdanninga.

For at eleven skal ha rett til støtte til både 140 t. grunnutdanning og førarkort klasse C/CE/D, må han ha begynt på / ha teke førarkortet inntil 12 månader før grunnutdanninga startar.

Du som jobbar ved trafikkskolen må derfor sende inn ein søknad om godkjenning kvar gong skolen din skal starte opp eit nytt 140 t. grunnutdanningskurs. Søknad kan sendast elektronisk eller i posten. Lånekassen sender ei stadfesting på e-post når utdanninga er godkjent for støtte. Klikk her for å finne søknadsskjema til trafikkskolar.


Er du elev ved ein trafikkskole og skal bli yrkessjåfør? Søk her