Søk om støtterett for ny utdanning

Sist oppdatert: 10.10.2017
Alle lærestader må sende inn søknad om støtterett for utdanningar som ikkje tidlegare er godkjende av Lånekassen.

Dette gjeld også utdanningar som er godkjende etter ein utdanningslov. Slik godkjenning gir ikkje automatisk støtterett i Lånekassen.

For lærestader som har utdanningar som er godkjende for utdanningsstøtte

Bruk søknaden om støtterett som du finn på arbeidsflata, dersom lærestaden har andre utdanningar som tidlegare er godkjende for støtte frå Lånekassen.

For lærestader som ikkje har utdanningar som er godkjende for utdanningsstøtte

Søk om støtterett via arbeidsflata for lærestadene. Arbeidsflata er ein portal for informasjonsutveksling mellom Lånekassen og lærestadene.

For å få tilgang til arbeidsflata må du først sende desse opplysningane til Lånekassen:

  • namn på lærestaden
  • postadresse, postnummer og poststad
  • lærestaden sitt telefonnummer
  • adresse til lærestaden si nettside
  • lærestaden si e-postadresse
  • lærestaden si målform
  • lærestaden si lovgodkjenning

Legg ved utfylt administratorskjema med opplysningar om personen ved lærestaden som ønskjer tilgang til arbeidsflata.

Send opplysningane og administratorskjemaet per e-post til eller per post til:

Statens lånekasse for utdanning
Postboks 4551
8608 Mo i Rana

Når vi har oppretta tilgang for deg på arbeidsflata, får du ein e-post med opplysningar om korleis du skal logge inn.

Kva utdanningar kan bli godkjende for utdanningsstøtte?

Les meir om kva utdanningar som kan bli godkjende for støtte i forskrifta om utdanningsstøtte, kapittel 4 og kapittel 7.

Ver merksam på at opplæring som blir sett i gang av NAV, eller i samråd med NAV, ikkje gir rett til støtte. Sjå § 4-6 bokstav c i forskrifta om utdanningsstøtte.

Informasjon om like typar lærestader

Grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4 A-1 i opplæringslova

  • Lånekassen kan gi støtte til vaksne som tek grunnskoleopplæring, og som har rett til slik opplæring etter § 4 A-1 i opplæringslova.
  • Lånekassen gir berre stipend og lån til elevar som deltek i opplegg med organisert klasseromsundervisning. 
  • Lånekassen kan frå og med undervisningsåret 2018-2019 gi støtte til elevar som tek grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 andre ledd. Dette er elevar som har fullført grunnskolen, og har ungdomsrett, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring. Desse elevane får støtte etter andre del i Lånekassens forskrifter. Lærestader som tilbyr / skal tilby grunnskoleopplæring for denne gruppa, må sende e-post til Lånekassen om dette. 

Folkehøgskolar

  • Utdanning ved folkehøgskolar må vere godkjend etter folkehøyskoleloven.
  • Det er Utdanningsdirektoratet som behandlar søknader om godkjenning etter folkehøyskoleloven.

Private vidaregåande skolar

Dette gjeld for private vidaregåande skolar som ikkje følgjer offentleg godkjende læreplanar:

  • Utdanning ved private vidaregåande skolar som ikkje følgjer offentleg godkjende læreplanar, må vere godkjende etter § 2-1 i friskolelova  eller § 17 i lov om vaksenopplæring  før de kan sende inn søknad om godkjenning av støtterett til Lånekassen.
  • Det er Utdanningsdirektoratet som behandlar søknader om godkjenning etter friskolelova eller lov om vaksenopplæring.

Dette gjeld for private vidaregåande skolar som følgjer offentleg godkjende læreplanar, men som ikkje har godkjenning etter ein utdanningslov:

  • De må sende inn søknad om støtterett til Lånekassen, skildre utdanningsopplegget og opplyse om elevane vil få tilbod om å gå opp til offentleg eksamen som privatistar.

Offentlege vidaregåande skolar

Dei fleste utdanningsprogram på vidaregåande skole treng de ikkje å søkje om støtterett for. Lånekassen får opplysningar om nye og noverande utdanningsprogram frå Vigo.

Men det er nokre unntak, altså utdanningar som vi ikkje får opplysningar om frå Vigo. For desse utdanningane krev vi at de søkjer om godkjenning. Bruk skjemaet i arbeidsflata for å søkje om støtterett.  Det gjeld:

  • vaksenopplæring
  • fagskoleutdanning (bruk eige skjema for fagskoleutdanning)
  • idrettsfag over fire år
  • studiespesialisering med idrett over fire år 
  • lokale kurs der elevane ikkje har opptak via Vigo, for eksempel kystskipper, yrkessjåfør og påbygging til generell studiekompetanse 23-timarskurs.
  • utdanningsopplegg som har skolepengar (for eksempel International Baccalaureate)
  • fagopplæring i skole

Fagskoleutdanning

  • Utdanning ved fagskolar må vere godkjende etter fagskoleloven før de kan sende inn søknad om godkjenning om støtterett til Lånekassen.
  • Det er NOKUT som behandlar søknader om godkjenning etter fagskoleloven.

Nettskolar og studieforbund

  • Nettskolar må vere godkjende etter § 13 i vaksenopplæringsloven.
  • Studieforbund må vere godkjende etter § 5 i vaksenopplæringsloven.

Universiteta

Universiteta har fullmakt til å opprette studium på alle nivå. 

Vitskaplege høgskolar

  • Vitskaplege høgskolar har same fullmakter som universiteta på fagområde der de har rett til å gi doktorgradar.
  • For fagområde der de ikkje har rett til å gi doktorgradar, må de søkje NOKUT om godkjenning for tilbod på mastergrads- eller doktorgradsnivå.

Høgskolar

Høgskolar har fullmakt til å opprette utdanning på bachelornivå. De må søkje NOKUT om godkjenning for tilbod på mastergrads- eller doktorgradsnivå.