Lærestaden sine oppgåver

Sist oppdatert: 10.10.2017
Her finn du informasjon om kva oppgåver for eksempel nettskolar, studieforbund og bibelskolar må utføre, slik at elevane/studentane får den støtta dei har rett til frå Lånekassen.

Dersom lærestaden har fleire typar utdanning, for eksempel vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning eller høgare utdanning, må du i tillegg lese informasjonen som gjeld den typen utdanning.

Rettlei elevane/studentane dykkar

Alle lærestader må informere elevane/studentane om Lånekassen sine ordningar. Sjå rundskriv frå Kunnskapsdepartementet (pdf).

Støtte etter tredje del i forskrifta om utdanningsstøtte

 Rapporter til Lånekassen

Klargjer søknader på arbeidsflata

Før Lånekassen kan behandle somme av søknadene, må de gi eller stadfeste opplysningar i desse søknadene. Dette kallar vi å klargjere ein søknad.

Ved nokre lærestader blir alle søknadene sende til arbeidsflata for klargjering, mens ved andre lærestader blir berre ein del av søknadene sende til arbeidsflata.

Frammøte

Ved semesterstart haust og vår må de rapportere at eleven/studenten har møtt fram på lærestaden og begynt å følgje undervisninga. Les meir om korleis de rapporterer frammøte.

Fråvær, avbrott og endring

De må melde frå kontinuerleg til Lånekassen om endringar som kan påverke støtta til eleven/studenten.

Rapporter fullført utdanning

De må rapportere fullført utdanning (eksamensdata) til Lånekassen. På arbeidsflata kan dykk lese meir om korleis de rapporterer dette.

Gjeld bibelskolar
Fristen for å rapportere er 1. juli.

Gjeld bibelskolar

Fristen for å rapportere er 1. juli.

Gjeld studieforbund og nettskolar

Fylkeskommunane rapporterer eksamensdata for elevar som tek fag som følgjer offentleg godkjendete læreplanar etter Kunnskapsløftet.

Utdanningar som de tilbyr i samarbeid med høgskolar/universitet, skal rapporterast av den høgskolen / det universitetet som har ansvaret for eksamen.

De skal altså berre rapportere eksamensdata for dei utdanningane som dykk sjølve har eksamensrett for.

Gjeldande utdanningar

  • Ein gong i året må de sende oss melding om kva utdanningar de har fått godkjenning for i Lånekassen tidlegare, og som de skal fortsetje å tilby det kommande undervisningsåret. Vi sender dykke melding om dette på arbeidsflata for lærestader i januar.
  • De kan lese meir om korleis de rapporterar inn utdanningar på arbeidsflata.

Opprette ny utdanning?

Dersom de skal opprette ei ny utdanning, må de søkje om støtterett. Les meir om korleis de søkjer om støtterett.