Rapportere utdanningar

Sist oppdatert: 26.03.2018
Vi legg ut ei oppgåve på arbeidsflata når lærestaden skal rapportere utdanningar til Lånekassen.

Oppgåva blir lagd ut i løpet av januar.

Dette må du opplyse om

Når du rapporterer kva for utdanningar lærestaden skal tilby kommande undervisningsår, må du også opplyse om eventuelle endringar i utdanningane. Du må blant anna opplyse om endringar som omfattar

  • start- og/eller avslutningsdato
  • undervisningsform
  • namn på utdanninga
  • skolepengar
  • kor mange studiepoeng utdanninga gjer

Avvik i studiepoeng per studieår

Enkelte utdanningar som går over fleire år, kan ha ulike tal på studiepoeng dei ulike åra. For eksempel kan ei 3-års utdanning utdanning ha:

  • 45 studiepoeng første året
  • 60 studiepoeng andre året
  • 75 studiepoeng tredje året

Det er viktig at du oppgir eksakt tal på studiepoeng som studenten skal ta per undervisningsår. Dersom du ikkje oppgir rett tal på studiepoeng, kan studenten bli registrert med fagleg forseinking. I verste fall kan dette føre til at studenten får avslag på støtte frå Lånekassen. Du opplyser om dette i feltet «Merknad».

På arbeidsflata finn du meir informasjon om korleis du rapporterer utdanningar til Lånekassen.

Søk om godkjenning for nye utdanningar

Du skal berre rapportere utdanningar som er godkjent for støtte tidlegare. Dersom lærestaden ønskjer å søkje om støtterett for nye utdanningar, må du sende inn ein eigen søknad om støtterett. Søknadsskjema finn du på arbeidsflata for lærestadene.