Utført oppgåve - eksamensdata

Sist oppdatert: 24.04.2017
Somme lærestader får ei oppgåve på arbeidsflata når det er på tide å rapportere eksamensdata/resultat.

Dette skjer når de har sendt eksamensdata til Lånekassen

  • Når de har sendt eksamensdata til Lånekassen, må de opne oppgåva i oppgåvelista og trykkje på knappen «Utført».
  • Etter at de har trykt på knappen «Utført», vil oppgåva forsvinne frå oppgåvelista.
  • Dersom de ikkje trykkjer på «Utført», vil vi kvar veke sende dykk påminningar på e-post om at de har uløyste oppgåver på arbeidsflata.
  • Dersom de allereie har rapportert eksamensdata på det tidspunktet vi sender oppgåva, kan de berre trykkje «Utført».

Kvifor de må stadfeste at de har sendt eksamensdata

Lærestadene rapporterer via ulike system. Det er ikkje alle system som kommuniserer med kvarandre, og derfor blir det ikkje registrert automatisk på arbeidsflata når de har sendt inn eksamensdata. Derfor må de manuelt stadfeste at de har sendt eksamensdata til oss ved å trykkje på knappen «Utført».