Administratorrolla

Sist oppdatert: 06.04.2018
Lærestaden skal sjølv administrere tilgangen til området sitt i arbeidsflata. Alle lærestader og fylke utpeikar ein person som skal vere administrator av tilgangen til arbeidsflata.

Administratoren har desse oppgåvane

  • å vere kontaktperson mellom lærestaden og Lånekassen når det gjeld arbeidsflata.
  • å administrere lærestaden sin tilgang til arbeidsflata. Dette inneber å opprette nye brukarar, endre brukarinformasjon, og å gi opplæring. Med brukar meiner vi ein person ved lærestaden som skal utføre oppgåver på arbeidsflata.
  • å sørgje for at det berre er dei som treng tilgang til arbeidsflata, som har dette. Dersom ein brukar sluttar på lærestaden, er det administratoren sitt ansvar å fjerne brukartilgangen til arbeidsflata.
  • å sørgje for at brukarane berre har tilgang til dei områda på arbeidsflata som dei har behov for.
  • å melde frå til Lånekassen dersom lærestaden byter administrator.

De finn meir informasjon om administratoren sine oppgåver på arbeidsflata, under menyen "Om arbeidsflata" og "For administratoren".