Informasjon om arbeidsflata for lærestadene

Sist oppdatert: 10.10.2017
Arbeidsflata er ein sikker elektronisk kanal, som blir brukt til å rapportere opplysningar frå lærestadene til Lånekassen.

Korleis få tilgang til arbeidsflata?

Kvar lærestad har ein administrator for arbeidsflata. Administratoren ved lærestaden din kan gi deg tilgang. Dersom lærestaden ikkje er registrert i Lånekassen, les meir om godkjenning av ny utdanning her.

Har administratoren ved lærestaden permisjon, er langtidssjukemeld eller har slutta?

Dersom nokre på lærestaden har tilgang til arbeidsflata, kan de bruke skjema «Bytte administrator» som de finn på arbeidsflata. Dersom ingen har tilgang, ta kontakt med Lånekassen.

Slik loggar du på arbeidsflata første gong

Når du er registrert som bruker av arbeidsflata, vil du få ein e-post med ei lenkje som du bruker for å lage passord.

  1. Når du klikkar på lenkja, vil biletet under opne seg.
  2. Du vil få  ein verifikasjonskode på SMS, som du fyller inn i feltet «Verifikasjonskode».
  3. Lag nytt passord.
  4. Klikk på «Send», og du er logga inn.