Gebyr og forseinkingsrenter

Dersom du ikkje betalar rekninga i tide, kan du få purregebyr og forseinkingsrenter. Får du rekninga på papir, må du også betale eit fakturagebyr.

Gebyr i Lånekassen

Lånekassen har følgande gebyr:

  • Purregebyr – første purring: 280 kroner
  • Purregebyr – andre purring: 490 kroner
  • Gebyr for rekning på papir: 18 kroner per rekning

Gebyr som ikkje er betalt, blir lagt til på neste rekning.

Størrelsen på gebyra er fastsett i Lånekassens forskrifter og er politisk bestemt.

Kva er gjeldande forseinkingsrente?

Betaler du rekninga for seint, bereknar vi forseinkingsrenter på det beløpet du skulle ha betalt. Renta blir lagt til beløpet frå den første dagen etter forfallsdato, og fram til du betalar rekninga di. Forseinkingsrentene kjem i tillegg til purregebyret.

Forseinkingsrenta blir fastsett to gongar i året av Finansdepartementet. Den følger styringsrenta til Norges bank med eit påslag på 8 prosentpoeng. Er styringsrenta på 1 prosent, blir altså forseinkingsrenta sett til 9 prosent. Sjå regjerings si nettside for å sjå kva forseinkingsrenta er no.

Så mykje kostar forseinkingsrentene deg

Har du ei gjeld på 300 000 kroner, vil det månadlege terminbeløpet vere 1 640 kroner dersom renta er 2,477 prosent. For kvar dag du er forseinka med betalinga di, blir det i dette eksempelet lagt til 36 øre i forseinkingsrenter per dag per terminbeløp. Frå det første terminbeløpet forfell 15. august, til lånet blir sagt opp av oss 16. november, vil du måtte betale 67 kroner totalt i forseinkingsrenter når denne er på 8,0 prosent.

 

Men blir lånet ditt sagt opp, vil det etter oppseiinga bli lagt til forseinkingsrenter av heile gjelda di. Har du for eksempel ei gjeld på 300 000 kroner, vil ein månad med forseinkingsrenter dermed bli på i underkant av 2 000 kroner.