Renter og gebyrer

Veileder renter

Slik fungerer renter på studielånet

Studielånet er rentefritt så lenge du får lån og stipend til fulltidsutdanning, eller dersom du får støtte til deltidsutdanning og ikkje har lån frå tidlegare.

Det er ikkje slik at lånet er rentefritt så lenge du er student. Det er berre studentar som får lån eller stipend til fulltidsutdanning som har rentefritt lån. Frå dagen etter at du ikkje får støtte til fulltidsutdanning lenger, legg vi til renter på lånet ditt.

Alle får flytande rente i utgangspunktet

Som standard får alle nye tilbakebetalarar flytande rente på studielånet. Vi tilbyr også avtalar om fast rente, men det må du søke om viss du ønsker det.

Kva er flytande og fast rente?

Flytande rente inneber at renta går opp og ned, avhengig av utviklinga i marknaden. I Lånekassen blir den flytande renta fastsett annankvar månad. I praksis betyr det at beløpet du skal betale kvar månad kan forandre seg litt ut frå kva den gjeldande renta er.

Fast rente inneber at du inngår ein avtale med Lånekassen om kva for rente du skal betale i 3, 5 eller 10 år. Dermed blir også beløpet du skal betale det same kvar månad.

Det kjem nye tilbod om fast rente annankvar månad, der det er ein periode på ei veke der du kan søke om fast rente.

Sjå den historiske renteutviklinga
Avbryte fastrenteavtale
Gebyrer og forseinkingsrenter

Aktuelt regelverk