Avtalegiro og e-faktura

Du kan få regningen som avtalegiro, e-faktura eller som papirfaktura i posten.

Kontonummer og KID

Rekningen inneheld all informasjon du treng for å betale. Hvis du ikke finner rekningen skal du bruke dette:
  • Kontonummer: 6345.05.08715
  • KID-nummer. Det er alltid det same, og du finn det på Dine sider og på rekningene.
  • Terminbeløp. Dette finn du på Dine sider

E-faktura med avtalegiro er ikkje mogleg

Lånekassen tilbyr ikkje kombinasjon av e-faktura og avtalegiro. Du må velje enten det eine, eller det andre.

Avtalegiro

Avtalegiro er enkelt fordi du slepp å tenke på å betale eller godkjenne rekninga kvar månad. Du må sjølv passe at du har nok pengar på kontoen og at maksbeløpet er høgt nok. Dersom du byter bank, må du inngå ny avtale om avtalegiro.

E-faktura

E-faktura kjem rett inn i nettbanken din, og det einaste du må gjere er å godkjenne rekninga før den forfell. Dersom du ikkje har nok pengar på kontoen når rekninga forfell blir den ikkje betalt. E-faktura kjem opp i alle bankar du har konto i og eventuelt også i Vipps, så det er ingenting å passe på dersom du byter bank.

Papirfaktura

Vi anbefaler ikkje faktura på papir i posten. Det er fordi du må betale eit gebyr på 18 kroner per rekning. Dersom du likevel ønsker det, må du sørge for at Lånekassen til ei kvar tid har adressa til der du bur no. Du kan oppdatere adressa di på Dine sider.

Du må betale sjølv om du ikkje har fått rekning

Lånekassen sender rekning med terminbeløpet kvar månad. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje får rekninga, er det likevel ditt ansvar å betale terminbeløpet kvar månad.

Gå til Dine sider for å sjå rekningane dine

Spørsmål og svar om avtalegiro

Det kan vere fleire årsaker. Dei vanlegaste er at:

  • du ikkje hadde dekning på kontoen
  • du har sett eit for lågt maksbeløp på avtalegiroavtalen
  • du har byta bank
  • avtalen om avtalegiro har ikkje blitt aktivert enno

Dersom du byter bank, må du opprette ein ny avtale om avtalegiro i den nye banken.

Dersom du ikkje får betalt ei rekning ein månad, vil neste rekning vere på to terminbeløp pluss purregebyr, så sett gjerne maksbeløpet til minst fire gongar vanleg terminbeløp. Vi trekker uansett ikkje meir enn det som står på rekninga. 

Har du reservert deg mot kommunikasjon på nett med det offentlege og har valt å motta kopi av rekningar frå Lånekassen, får du kopien i posten, og må betale eit fakturagebyr på 18 kroner. Du kan unngå dette ved å registrere i nettbanken din at du ikkje ønsker kopi av  rekningane frå Lånekassen, eller oppheve reservasjonen i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Det same kan skje dersom du ikkje har vore logga inn i Dine sider eller andre offentlege styresmakter sine digitale løysningar på 18 månader. Då blir e-posten sett som inaktiv. Logg inn på Dine sider for å aktivere e-posten din

Dersom du registrerte avtalen om avtalegiro etter at vi sende rekninga til deg, vil også den første rekninga komme i posten.

For rekningar og kopiar som blir sendt i posten må du betale eit fakturagebyr på 18 kroner

Lånekassen står oppført som «Statens lånekasse for utdanning».

Dersom du ikkje får til å opprette avtalegiro i nettbanken, kan du også gjere det på Dine sider.

Dersom du søker om betalingsutsetting rett før eller etter betalingsfristen, må du sjølv passe på å stoppe betalinga i nettbanken.

Dersom du søker betalingsutsetting i god tid før rekninga skal betalast eller for fleire månader fram i tid, sender vi ikkje ut rekningar.

Det er ikkje sikkert at din BankID støttar dette. Spør banken din for vidare hjelp. Lånekassen kan ikkje løyse problem knytt til din BankID, det kan berre banken.

Aktuelt regelverk