Problem med å betale

Informasjon om ordningar når du har problem med å betale rekninga.

Du kan utsette rekninga 36 gongar

Du kan utsette rekninga 36 gongar totalt i den perioden du betaler tilbake på lånet. Du treng ikkje oppgi årsak.
Hugs dette:
  • avtalegiro - du må sjølv stoppe trekket i nettbanken

Har du problem med å betale rekninga?

Har du problem med å betale rekninga frå, oss har vi fleire ordningar som kan hjelpe deg. Du kan utsette rekninga inntil 36 gongar. Du kan få sletta renter om du har låg inntekt.

Søk om betalingsutsetting

Det første du bør gjere når du ikkje kan betale ei rekning, er å søke om betalingsutsetting. Du kan utsette rekninga 36 gongar som tilsvarer 3 år, og det er ingen bestemte vilkår du må oppfylle for å utsette betalinga. 

Du kan både utsette rekningar du allereie har fått og rekningar som skal komme seinare. Utset du framover i tid, sender vi deg ikkje rekninga.

Dersom betalingsfristen er passert kan du også få betalingsutsetting, men det er best om du søker før fristen. Da slepp du ekstra gebyr.

Dette skjer når du utset betalinga

Når du får betalingsutsetting blir nedbetalingstida utvida tilsvarande, og det blir lagd til renter for dei månadane du ikkje betaler.

Eventuelle forseinkingsrenter og purregebyr som er lagt til lånet ditt, blir ikkje sletta sjølv om du utset rekninga, men det blir lagt på den neste rekninga du skal betale.

Du får fleire betalingsutsettingar dersom du får sletta renter

Er du i ein bestemt situasjon som gjer at du har låg inntekt, kan du få sletta renter på lånet. Dei månadane du får sletta renter kan du utsette betalinga utan å bruke av kvota på 36 betalingsutsettingar. Sjå kva for situasjonar som gir rett til sletting av renter.

Ekstra betalingsutsettingar i 2020 og 2021 på grunn av korona

På grunn av koronapandemien kan du utsette betaling av rekninga, utan at du bruker av kvota på 36 betalingsutsettingar. Dette unntaket gjeld rekningane med betalingsfrist i perioden mars 2020 til og med desember 2021.

Søk om betalingsutsetting

Det kostar mykje å ikkje betale rekninga

Du må betale eit terminbeløp som normalt inkluderer renter og avdrag på studielånet kvar månad. Dersom du lar vere å betale ei rekning, og heller ikkje søker om betalingsutsetting, blir det fort veldig dyrt. Lånekassen sine purregebyr er høgare enn andre stader, og blir lånet oppsagt må du betale forseinkingsrenter på heile lånet.

4 dagar etter at rekninga skulle vore betalt sender vi deg ein e-post for å minne deg på å betale. Dersom du har avtalegiro må du sjekke om maksbeløpet er høgt nok, og at du har nok pengar på kontoen.

Betal så fort du kan, eller søk om betalingsutsetting.

Purringa blir sendt ut saman med neste rekning. I tillegg til det opphavlege terminbeløpet og terminbeløpet for neste månad, må du betale purregebyr på 280 kroner. Det blir også lagt til forseinkingsrenter på det beløpet du er forseinka med frå dagen etter betalingsfristen.

Søk om betalingsutsetting om du ikkje kan betale.

Dette er varsel om oppseiing. Purringa blir sendt ut saman med neste rekning. Du må betale for 3 terminbeløp, eitt purregebyr på 280 kroner og eitt nytt purregebyr på 490 kroner.

Det blir også lagt til forseinkingsrenter på det beløpet du er forseinka med.

Søk om betalingsutsetting om du ikkje kan betale.

Dette varselet blir sendt i posten, og rekninga er no på fire terminbeløp, gebyra frå førre rekning og forseinkingsrenter.

Dette er eit vedtak om at heile gjelda blir sagt opp og lånet blir overført til Statens innkrevjingssentral.

Når lånet er sagt opp kan du ikkje få meir i stipend og lån, før du har rydda opp.

Du kan rydde opp ved å betale det beløpet som er forfalle eller søke om betalingsutsetting.

Om du ikkje betaler eller søker om betalingsutsetting innan fristen du fekk i førre brev, blir lånet sagt opp.

Når lånet er overført til Statens innkrevjingssentral, blir det lagt til forseinkingsrente på heile gjelda. Gjelda stig raskt, og det er viktig at du forsøker å rydde opp før gjelda blir så stor at du ikkje klarer å handtere den. Det kan du gjere ved å betale eller søke om betalingsutsetting.

Du risikerer at Statens innkrevjingssentral tvangsinnkrev lånet, for eksempel gjennom trekk i lønn.

Du kan ikkje få meir lån og stipend frå Lånekassen når lånet ditt er overført til Statens innkrevjingssentral, men du kan søke om betalingsutsetting og andre ordningar for betalingsletter dersom du har rett på det.

Les meir om lån som er overført til Statens innkrevjingssentral.

Problem med avtalegiro eller e-faktura?

Det kan vere ulike årsaker til at rekningar ikkje blir trekt i nettbanken:
  • du har ikkje sett høgt nok maksbeløp på avtalegiroen
  • du har byta bank og har avtalegiro
  • du har ikkje nok pengar på kontoen den datoen rekninga skal trekkast
Låg inntekt og sjukdom, AAP, arbeidsledig
eller andre spesielle årsaker kan gi rett til sletting av renter.
Ufør
Får du uføretrygd, kan du ha rett til å få sletta gjeld.
Student
Er du student samtidig som du betaler på lånet, kan du ha rett på sletting av renter.
Statens innkrevingssentral (SI)
Kva vil det seie at lånet er oppsagt og overført til Statens innkrevjingssentral?

Aktuelt regelverk