Studentar i Storbritannia og euroland får mindre utbetalt i skolepengestøtte

Sist oppdatert: 09.12.2016
Endring i valutakursen fører til at mange norske studentar i utlandet vil få utbetalt mindre i skolepengestøtte våren 2017. Det er spesielt i Storbritannia og land som bruker euro som valuta, som blir påverka.

Dersom støtta til skolepengar blir justert, får du eit nytt vedtaksbrev på Dine sider. I brevet finn du informasjon om den nye kursen og om beløpet du har fått utbetalt.

Hva er valutajustering? 

Skolepengereduksjon i Storbritannia

Fordi kursen på det britiske pundet (GBP) har blitt svekka i løpet av hausten, får alle som studerer i Storbritannia mindre støtte til skolepengar. Det britiske pundet låg per 1. april 2016 på 12,0880. Den gjennomsnittlege kursen for november 2016 var på 10,4545. Studerer du i Storbritannia, blir dermed skolepengestøtta du får utbetalt i desember redusert med 13,513 prosent.

Dersom du for eksempel betaler 6 000 GBP i skolepengar per semester, fekk du maks. skolepengestøtte på 63 080 kroner for våren 2017. Ettersom kursen har endra seg med 13,513 prosent sidan 1. april, vil du få ein reduksjon i skolepengestøtta på 8 524 kroner.

Skolepengereduksjon i Euro-land

Euroen har også svekka seg mot den norske krona. Dei som betaler skolepengar i euro, vil også få mindre utbetalt i skolepengestøtte våren 2017. Euroen låg per 1. april 2016 på 9,4246. Den gjennomsnittlege kursen for november 2016 var på 9,0807. Studerer du innanfor EU, blir dermed skolepengestøtta du får utbetalt i desember redusert med 3, 649 prosent.

Dersom du for eksempel betaler 8 000 euro i skolepengar per semester, fekk du maks. skolepengestøtte på 63 080 kroner for våren 2017. Ettersom kursen har endra seg med 3,649 prosent sidan 1. april, vil du få ein reduksjon i skolepengestøtta på 2 302 kroner.

Betaler du meir i skolepengar enn du har fått i støtte?

Valutajusteringa blir berekna ut frå beløpet du har fått i vedtaksbrevet, og ikkje frå den summen du faktisk betaler i skolepengar. Sjølv om du betaler meir i skolepengar enn Lånekassens satsar som i eksempelet over, får du likevel ikkje meir støtte til skolepengar. Vi kan ikkje gi kompensasjon for at skolepengestøtta blir redusert ved valutajustering.