Kvifor har eg fått ein betalingsplan?

Sist oppdatert: 06.12.2018
Vi sender deg ein betalingsplan når du er ferdig med utdanninga din eller ikkje lenger får stipend og lån til fulltidsutdanning.

Betalingsplanen viser når du skal begynne å betale, kor mykje du skal betale kvar månad og når du skal vere ferdig med å betale ned på lånet ditt. Får du ein betalingsplan no, vil den første rekninga di ha betalingsfrist 15. februar.

Du kan begynne å betale ned på studielånet når som helst etter at du er ferdig med utdanninga di, uavhengig av betalingsplanen.

Eg er framleis student, kvifor har eg fått betalingsplan?

Du får ein betalingsplan når du ikkje lenger får stipend og lån frå oss. Det betyr at sjølv om du framleis studerer, men utan støtte frå Lånekassen, må du begynne å betale på lånet. Du får også tilsend betalingsplan dersom du tek deltidsutdanning, sjølv om du får stipend og lån til utdanninga di.

Eg har sendt ein søknad som støtte som ikkje er behandla enno

Dersom du har søkt om støtte til fulltidsutdanning og søknaden ikkje er behandla enno, treng du ikkje å begynne å betale dersom den blir innvilga. Får du støtte til deltidsutdanning eller avslag på søknaden, er det riktig at du skal begynne å betale.

Du kan søkje om betalingsutsetjing

Dersom du ikkje kan betale ei rekning, kan du søkje om betalingsutsetjing. Du treng ikkje å ha ein spesiell grunn for å få betalingsutsetjing. Du treng ikkje å søkje om betalingsutsetjing før du har fått ei rekning.

Renter frå første månad

Renter blir lagt til på studielånet ditt frå første månadsskifte etter at det siste semesteret du fekk støtte til er slutt. Studerer du utan stipend og lån, eller tek deltidsutdanning, kan du søkje om å få sletta rentene som er lagt til lånet ditt i studietida.

Omgjering av lån til stipend

Omgjeringa av lån til stipend skjer året etter at du fikk støtte, når skatteetaten sender fastsettinga (likninga) di til oss. Det vil seie at du må vente til 2019 for å få omgjering for utdanning bestått i 2018.

Eg har berre søkt om stipend, kvifor har eg fått betalingsplan?

Sjølv om du berre har søkt om stipend, blir denne støtta også utbetalt som eit lån. Dette lånet blir kalla omgjeringslån og blir først gjort om til stipend året etter at du fikk støtte.

Dersom du ventar på å få lånet gjort om til stipend, kan du søke om betalingsutsetjing fram til omgjeringa skjer. Dette gjer du på Dine sider.

Rentene som er blitt lagt til det beløpet som blir gjort om til stipend, blir automatisk slettea.