Har du spørsmål om tilbakebetaling?

Sist oppdatert: 02.01.2017
På Dine sider får du enkelt oversikt og finn svar på spørsmål om tilbakebetaling.

Sjå den siste rekninga di

Frå framsida på Dine sider er det ei lenke til Din rekning. Her kan du sjå den siste rekninga vi har sendt deg og kor mykje du har igjen i lån. Klikkar du på detaljar (plussteiknet) kan du sjå kva beløpet skal dekkje, om du har uteståande beløp frå tidlegare og eventuelle gebyr.

KID- og kontonummer

Du finn KID- og kontonummer under Din profil. KID-nummeret ditt endrar seg ikkje frå rekning til rekning.

Betalingsplan

På betalingsplansida kan du sjå framtidige terminbeløp, lånebeløp, renter du skal betale, når du er ferdig med å betale ned på lånet og kva rente du har. Her kan du også bestille betalingsplan, dersom du vil starte å betale ned på lånet tidlegare.

Betalingsutsetjing og rentefritak (sletting av renter)

På denne sida kan du sjå kor mange betalingsutsetjingar du har fått og kor mange du har igjen. Du kan også sjå periodar du har rett til å søkje om rentefritak for.

Fleire tenester på Dine sider

  • Kontorørsler - sjå registrerte innbetalingar
  • Endring av betalingsplan - betal ned på lånet raskare
  • Endre betalingsdato - vel mellom 5., 15. og 25 i kvar månad
  • Avtalegiro og e-faktura - vel korleis du vil betale
  • Søknader og skjema - for eksempel søknadene om betalingsutsetjing og ettergiving

Gå til Dine sider