Høgare rente i Lånekassen

Sist oppdatert: 05.01.2017
I statsbudsjettet for 2017 blei det vedteke endringar i fastsetjinga av renta i Lånekassen. Endringane inneber at rentene auker med cirka 0,35 prosentpoeng frå 1. januar 2017.

Endringa inneber å redusere rentefrådraget frå 0,5 prosentpoeng til 0,15 prosentpoeng.

Renteendringa gjeld alle som betaler tilbake på studielånet sitt, med unntak av dei som allereie har avtale om fast rente. Kundar som bind renta frå og med oktober 2016, er omfatta av endringa. Alle med flytande rente er også omfatta.

Kundar som batt renta før oktober 2016, er ikkje omfatta av endringa. Dei vil behalde den opphavlege faste renta si ut avtaleperioden.

Konsekvensar av renteendringa for deg som kunde i Lånekassen

Renteendringa førte til at rentesatsane auka i januar 2017 og at beløpet du skal betale tilbake kvar månad blir høgare . Unntaket er dersom du har inngått fastrenteavtale før oktober 2016.

  • Har du flytande rente, har renta auka med cirka 0,35 prosentpoeng  frå og med 1. januar 2017.
  • Batt du renta i oktober 2016, fikk du ein rentesats i november og desember, mens renta di frå 1. januar vil bli cirka 0,35 prosentpoeng høgare. Det betyr at terminbeløpet ditt vil auke frå 1. januar.

Meir informasjon om korleis rentene blir fastsette.

Både fast og flytende rente blir fastsette seks gongar i året. Oversikt over noverande og tidlegare rentesatsar finn du her.