Slik får du pengane

Sist oppdatert: 18.08.2020
Før du kan få utbetalt stipend og lån må søknaden din vere ferdig behandla, og du må ha oppfylt alle vilkåra våre.

Sjekk statusen på søknaden din på Dine sider

Logg inn på Dine sider for å sjekke statusen på søknaden din. Her ser du om du har oppfylt alle vilkåra for utbetaling, og når du kan få pengane utbetalt.

Det er ikkje garantert at du får pengane utbetalt på datoen som er oppgitt på Dine sider. Denne datoen viser når du tidlegast kan få pengane utbetalt dersom alle vilkåra er oppfylte.

Når du får e-post frå oss om at pengane er overførte, tar det 2-3 verkedagar til du har pengane på kontoen din.

Vilkår for å få pengane for deg på vidaregåande skole

For å få utbetalt utstyrsstipend, bortebuarstipend, inntekstavhengig stipend eller lån må

  • du ha signert avtalen om støtte. Er du under 18 år er det ein av foreldra dine som skal signere avtalen om støtte. Klikk her for meir informasjon om foreldresignering. 
  • du ha registrert eit gyldig kontonummer.
  • lærestaden din ha meldt inn at du har møtt til undervisning. Det tar cirka ei veke frå lærestaden din har sagt at du har møtt til vi har registrert det, og kan overføre pengane.

Vilkår for å få pengane for deg som i høgare utdanning

For å få pengane utbetalt må du

  • signere avtalen om støtte.
  • ha registrert eit gyldig kontonummer.
  • vere registrert som aktiv student. Du må for eksempel ha betalt semesteravgift og meldt deg opp til eksamen, slik at vi får bekrefta studentstatusen din frå lærestaden.

For deg som er student i utlandet

Utbetaling av støtte til utdanning i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, ein gang i starten av kvart semester.

Les meir om utbetaling av lån og stipend for deg som studerer i utlandet.